Om stillingen
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Surnadal på Nordmøre?
Vi søker no to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.
Ei av stillingane vil bli tillagt funksjonen som klinikkleiar. Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
For stillinga med funksjon som klinikkleiar inngår også fagleg og administrativ leiing og personalansvar i samarbeid med overtannlegen.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som tannlegeHar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Er fagleg engasjert og kvalitetsmedviten
Ønsker å bidra aktivt til eit positivt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Nyutdanna blir også oppmoda til å søkje – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utviklingPersonlege eigenskapar
Trivst med å jobbe med og for menneske Jobbar effektivt og sjølvstendig God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyr
Ein god jobb der du kan utvikle deg Lønn etter avtale Oppdatert og fin tannklinikk Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse Trivelege medarbeidarar og godt miljø Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Etablerings- og stabiliseringstilskotFlyttetilskot Og ikkje minst: ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Øyatrøvegen 186650 Surnadal
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen