Om stillingen
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb innan rusbehandling i spesialisthelsetenesta? Då kan dette vere stillinga for deg!
Poliklinikk TSB Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, eller relevant erfaring frå fagfeltet. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit viktig behandlingstilbod og vere med på å utvikle tenestene våre i Kristiansund.
Poliklinikk TSB Molde inngår i klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengigheit. I poliklinikken arbeider vi med b.l.a. individuell behandling, gruppebehandling og dagbehandling. Tilbodet i poliklinikken gjeld også Legemiddelassistert Rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet vårt på Nordmøre har vi etablert eit team i Kristiansund som ivaretek LAR-behandling. Teamet ligg under poliklinikken i Molde med arbeidsplass i Kristiansund.
Som vernepleiar/sjukepleiar vil du få sjølvstendig behandlingsansvar og ansvar for medikamenthandtering i teamet i Kristiansund.
Arbeidstid er p.t. dagtid 08.00 - 16.00
Bur du midt i mellom Molde og Kristiansund er det moglegheit for å jobbe begge stadar.
Arbeidsoppgåver
Individuell behandling
Pasientansvarleg koordinator
LAR- behandling
Medikamenthandtering
Undervisning/rettleiing
Kontinuerlig forbetring/kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar
Bachelor i sjukepleie /vernepleie
Krav om relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling
Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke Personlege eigenskapar
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert
Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, SeksjonsleiarElisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212
Arbeidsstad
Strandgata 16415 Molde
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 08.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen