Om stillingen
Helsetenesta i Bykle og Valle er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar, med Bykle som vertskommune. Saman tilbyr vi eit breitt spekter av helsetenester innan fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte.
Vi har tre legekontor – i Valle, Bykle og på Hovden – med til saman fem fastlegar, to LIS1-legar og ein kommuneoverlege. På kvart legekontor har vi tre sjukepleiarar. Hos oss blir du ein del av eit godt, inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø, der vi samarbeider tett, hjelper kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Vi kan tilby eit fagleg sterkt og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, korte vegar til samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg vekt på at det skal vere både fagleg utviklande og triveleg å gå på jobb.
Du får ein variert og spennande arbeidskvardag. Det er over tre timar reiseveg til lokalsjukehuset vårt, Sørlandet sykehus Arendal, og mange problemstillingar blir derfor handterte lokalt. Det gir eit breitt fagleg spenn, stor variasjon i arbeidsoppgåvene og gode moglegheiter til å bruke og vidareutvikle kompetansen din.
Legekontora er svært godt utstyrte, mellom anna med digitalt røntgenapparat, ultralyd og laboratorium. Vi har avtale med spesialisthelsetenesta om tolking av røntgenbilete, og enkelte enkle brot blir behandla lokalt hos oss.
Fastlegelista har eit listetak på 600 pasientar. Arbeidstida på dagtid er frå kl. 08.00 til 15.30, måndag til fredag, med tid sett av til pasientoppfølging og anna nødvendig etterarbeid. Stillinga inneber også klinisk arbeid som sjukeheimslege ved Bykle sjukeheim, og kan i tillegg omfatte oppfølging av pasientar ved helsestasjonen.
For deg som er under spesialisering, er det mogleg å gjennomføre ALIS-løp hos oss. Vi legg godt til rette for fagleg utvikling, med gode vilkår for kurs og overlegepermisjon.
Legevakta er organisert som femdelt heimevakt, og omfattar også bakvakt for LIS1-legane. På vakt disponerer legane ein eigen, godt utstyrt Land Cruiser legevaktbil. Vi har éin legevaktbil i Valle og éin på Hovden. Sjølv om avstanden til sjukehus er lang, står du ikkje åleine når det skjer noko. To ambulansar er stasjonerte i området, éin på Hovden og éin på Rysstad. På vakt har vi eit tett og godt samarbeid med ambulansetenesta, luftambulansen, brannvesenet, fjellredninga, skipatruljen og pleie- og omsorgstenestene. Det er også sjukeheim med kommunale akutte døgnplassar (ØHD) både i Bykle og Valle. Dette gir eit spennande akuttmedisinsk fagmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid rundt pasientane.
Bykle og Valle har til saman litt over 2 200 fastbuande, men som populære turistkommunar aukar folketalet betydeleg i høgsesongane. Det gir sesongvariasjon og eit spennande mangfald av pasientar og problemstillingar – og få arbeidsdagar er heilt like.
Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Som ein del av helsesamarbeidet må du òg rekne med at arbeidsstaden kan variere mellom Hovden, Bykle og Valle. Det gir deg høve til å bli godt kjend med kollegaene dine, dei ulike fagmiljøa og lokalsamfunna våre.
Ønskja oppstart så snart som råd.
Arbeidsoppgaver
Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevaktMoglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknandeUtgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta.
Kvalifikasjoner
Norsk autorisasjon som legeFortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin eller har byrja på spesialisering i samfunnsmedisinMe ynskjer at søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin gjennomfører utdanningaMe ynskjer røynsle frå fastlegearbeid, kommunal fastlegeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetenestaHar fullført norsk turnes (LIS1)God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskaparFørarkort klasse BGod digital kompetanseSøkjare som er kvalifisert til sjølvstendig legevakter vil verte føretrekte
Personlige egenskaper
Stor interesse og engasjement Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerAnalytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskaplegHandlekraftig og lojalOppteke av fagutveklig, endrings- og forbetringsarbeidSystematisk og pålitelig arbeidsstilGod klinisk vurderingsevneDu er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andreDu er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dettePersonlege eienskaper vil vert lagt vekt på
Vi tilbyr
Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidararListetak på 600 pasientarHektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobbGode samarbeidspartnarar
Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
Storbyliv tre timar køyreveg unna
Vi er behjelpelig med å skaffe bustad
Andre opplysninger:
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtalerKrav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervjuTilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege og fungerande verksemdsleiar for legekontora i Bykle og Valle, benedicte.severinsen@bykle.kommune.no
Arbeidssted
Sarvsvegen 314754 BYKLE
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 10.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen