Sjukepleiar ved legekontor, vikariat

Bykle kommune, BykleBYKLEPublisert 27. aug. 2026Søknadsfrist 10. sep. 2026
Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte. Vi har tre legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar.

Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene til Bykle og valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi opptil 25.000 i høgsesongen.

Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor.

Arbeidsoppgaver

Stillinga inngår i bemanninga ved dei tre legesentera våre og er knytt til både fastlegepraksis og daglegevakt.

Arbeidskvardagen er variert og omfattar mellom anna telefontriagering, pasientmottak, prøvetaking, assistanse ved undersøkingar og medisinske inngrep, handsaming av prøvemateriale og skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning og øyreskylling. Arbeidsoppgåvene omfattar òg observasjon og vurdering av pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, oppstart av behandling og stabilisering før eventuell vidare transport til sjukehus. Sjukepleiaren må kunne handtere førespurnader til legevakt og fastlegekontor og ha god forståing for effektiv og trygg pasientflyt.

Det utlyste vikariatet omfattar i tillegg oppfølging av pasientar med diabetes i begge kommunane, slik stillinga er organisert i dag. Det vil bli gitt nødvendig opplæring i dette arbeidet. Det kan òg bli aktuelt å arbeide med andre pasientgrupper med kroniske sjukdomar.

Legekontora våre er godt utstyrte og har mellom anna eige røntgenapparat. Dette gjer det mogleg å diagnostisere pasientar lokalt og ved behov gjennomføre gipsbehandling i avdelinga. Sjukepleiarane har òg ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar for medisinteknisk utstyr, i tillegg til bestilling av legemiddel.

Arbeidstida er i utgangspunktet måndag til fredag kl. 08.00–15.30. Det kan òg bli aktuelt med legevakter på ettermiddagstid i samband med høgtider og heilagdagar.

Vi ser etter ein sjukepleiar som kan arbeide sjølvstendig, har eit høgt fagleg kunnskapsnivå og møter pasientane på ein trygg, respektfull og profesjonell måte. Gode samarbeidsevner er viktig, då stillinga inneber tett samarbeid med mellom anna pleie- og omsorgstenesta, ambulansepersonell, skipatruljen og anna helsepersonell.

Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Vi inngår i eit helsesamarbeid, noko som inneber at du til tider må kunne arbeide på Hovden, i Bykle eller i Valle.

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus.

Kvalifikasjoner

Offentleg godkjent sjukepleiar

Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner mot fastlege, ambulansepersonell og anna helsepersonell

Erfaring med bruk av InfoDoc vil vera ein fordel, men opplæring vil verte gjeve

God framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskapar

Førarkort klasse B

Krav om politiattest ved tilsetting.

Personlige egenskaper

Gode kommunikasjonsevner

Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø

Evne til å arbeide systematisk og strukturert

Innovativ i høve utvikling av fagområder og tenesta i sin heilskap

Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid

Personleg eignaheit vektleggjes.

Vi tilbyr

Konkurransedyktig løn

Eit godt arbeids- og fagmiljø

Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Flyttegodtgjerelse etter eige reglement

Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluft både sumar og vinter

Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen

Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald

Bedriftsleilegheit i Kanalbyen, Kristiansand

Kontaktinformasjon
Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege, 90205152

Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 BYKLE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 10.09.2026

Om stillingen

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte. Vi har tre legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene til Bykle og valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi opptil 25.000 i høgsesongen. Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor. Arbeidsoppgaver Stillinga inngår i bemanninga ved dei tre legesentera våre og er knytt til både fastlegepraksis og daglegevakt. Arbeidskvardagen er variert og omfattar mellom anna telefontriagering, pasientmottak, prøvetaking, assistanse ved undersøkingar og medisinske inngrep, handsaming av prøvemateriale og skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning og øyreskylling. Arbeidsoppgåvene omfattar òg observasjon og vurdering av pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, oppstart av behandling og stabilisering før eventuell vidare transport til sjukehus. Sjukepleiaren må kunne handtere førespurnader til legevakt og fastlegekontor og ha god forståing for effektiv og trygg pasientflyt. Det utlyste vikariatet omfattar i tillegg oppfølging av pasientar med diabetes i begge kommunane, slik stillinga er organisert i dag. Det vil bli gitt nødvendig opplæring i dette arbeidet. Det kan òg bli aktuelt å arbeide med andre pasientgrupper med kroniske sjukdomar. Legekontora våre er godt utstyrte og har mellom anna eige røntgenapparat. Dette gjer det mogleg å diagnostisere pasientar lokalt og ved behov gjennomføre gipsbehandling i avdelinga. Sjukepleiarane har òg ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar for medisinteknisk utstyr, i tillegg til bestilling av legemiddel. Arbeidstida er i utgangspunktet måndag til fredag kl. 08.00–15.30. Det kan òg bli aktuelt med legevakter på ettermiddagstid i samband med høgtider og heilagdagar. Vi ser etter ein sjukepleiar som kan arbeide sjølvstendig, har eit høgt fagleg kunnskapsnivå og møter pasientane på ein trygg, respektfull og profesjonell måte. Gode samarbeidsevner er viktig, då stillinga inneber tett samarbeid med mellom anna pleie- og omsorgstenesta, ambulansepersonell, skipatruljen og anna helsepersonell. Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Vi inngår i eit helsesamarbeid, noko som inneber at du til tider må kunne arbeide på Hovden, i Bykle eller i Valle. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus. Kvalifikasjoner Offentleg godkjent sjukepleiarSøkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner mot fastlege, ambulansepersonell og anna helsepersonellErfaring med bruk av InfoDoc vil vera ein fordel, men opplæring vil verte gjeveGod framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskaparFørarkort klasse BKrav om politiattest ved tilsetting. Personlige egenskaper Gode kommunikasjonsevnerEvne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljøEvne til å arbeide systematisk og strukturertInnovativ i høve utvikling av fagområder og tenesta i sin heilskapFleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeidPersonleg eignaheit vektleggjes. Vi tilbyr Konkurransedyktig lønEit godt arbeids- og fagmiljøGode faglege og personlege utviklingsmoglegheiterGode pensjons- og forsikringsordningarKommunen kan hjelpe til med å skaffe bustadFlyttegodtgjerelse etter eige reglementEin fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluft både sumar og vinterBarnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunenVelferdstiltak som skapar trivsel og samhaldBedriftsleilegheit i Kanalbyen, Kristiansand  Kontaktinformasjon Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege, 90205152 Arbeidssted Sarvsvegen 144754 BYKLE Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatStartdato: 05.10.2026Sluttdato: 10.10.2027Søknadsfrist: 10.09.2026

Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen