Om stillingen
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange bruprosjekt i porteføljen dei komande åra. Til prosjektorganisasjonen søker vi prosjekteringsleiar innafor større bruprosjekt som ny Remøybru og ny Steinvågbru. Der vil du inngå i eit team med blant anna prosjektleiar, byggeleiar, kontrollingeniør, prosjekterande og støtteressursar. Du vil rapportere til prosjektleiar.Stillinga har kontorstad Ålesund.Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane. Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag om lag 50 tilsette med kompetanse innafor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonane knytt til veginvesteringsprosjekt, Bypakke Ålesund, ny Remøybru og Steinvågbru, tunneloppgradering og ei rekkje andre bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver
- Styre eigne enkeltprosjekt med ulik størrelse og kompleksitet, i heile fylket.- Følgje opp enkeltprosjekta gjennom planlegging, prosjektering og anskaffing.- Koordinere prosjekteringa med andre seksjonar og fagmiljø i vegavdelinga.- Delta i valg av kontraktstrategi og utlysing av kontrakter.- Ha ansvar for å levere enkeltprosjekta innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet.- Rapportere til prosjektleiar og bistå prosjektleiar i styringa av prosjektporteføljen.- Samarbeide med dei andre byggeleiarane og kontrollingeniørane i prosjektet og i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande).- Det er ønskeleg med erfaring frå prosjektering av betong- og/eller stålkonstruksjonar.- God kjennskap til digitale verktøy- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av BIM- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Utviklings- og løysningsorientert
- Arbeide nøyaktig og målretta
- Sjå behov og ta ansvar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Holen Relling, Prosjektleiar store bruprosjekt , 47892170, ragnhild.holen.relling@mrfylke.noTorbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no
Arbeidsstad
Borgundvegen 3406009 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 17.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen