Om stillingen
Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykosebehandling, er lokalisert på Sandviken sjukehus, og er ein lukka akuttpost med 12 senger, der 2 av sengene er intensivsenger. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar og samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi kan tilby ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg vekt på kvar enkelt sin trivsel og faglege utvikling.
Vi har no ledig følgande stillingar:
4 x 15% faste helgestillingar med turnus dag/kveld med arbeid pt. kvar 3. helg
Studentar innan helsefagleg retning, som medisin, psykologi, sjukepleie eller vernepleie oppfordrast å søke. Dersom du ikke er student, men har anledning til å jobbe ein del ekstravakter i periodar, blir du også oppfordra til å søke. Søkar må vere fylt 21 år. Kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremålDelta i gjennomføringa av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverkArbeide under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar og utføre oppgåver som er delegert av ansvarshavande sjukepleiarUtføre og hjelpe til med kliniske oppgåver knytta til pasient Delta i miljøarbeid og praktiske oppgåver Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiingKvalifikasjonar
Vi ønsker at du har helsefagleg utdanning/studieretning, men det er ikkje eit krav, dersom du er personleg eigna til å jobbe med psykisk sjuke menneskeVi ønsker gjerne søkarar med eit par års erfaring frå psykisk helsearbeid, men dette er ikkje eit kravSøkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneskeVi ønsker fleksible medarbeidarar som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til eit godt arbeidsmiljøDu må vere ansvarsbevisst, til å stole på og ha evne til å arbeide sjølvstendig og ta rettleiingHar du anledning til å ta ekstravakter i periodar, så er det noko vi ofte har behov forVi tilbyr
Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trives på jobbKurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)FadderordningKonkurransedyktig pensjonsordningLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har
du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare
utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Mala, Seksjonsleiar, 55958706
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 15%FastSøknadsfrist: 25.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen