Om stillingen
Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi no ledig fast 50% stilling som sjukepleiar/vernepleiar med arbeid kvar 3. helg.
Stillinga er ledig fra 01.11.26.
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr mellom anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og gjennomføring av målretta pleie og miljøterapeutiske tiltakArbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppaHalde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrerFølgje seksjonen sine kompetansehevingstiltakBidra til fagleg utvikling av sjukehuspsykiatrienKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiarØnskeleg med relevant erfaring i psykisk helsearbeid eller rus.Må beherske norsk skriftleg og munnlegPersonlege eigenskapar
Du arbeider sjølvstendigDu er god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andreDu har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempoDu bidreg til godt arbeidsmiljøPersonleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 10.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen