Byggeleiar – bruprosjekt

Samferdselsområdet [samferdsel], Møre og Romsdal fylkeskommuneÅLESUNDPublisert 27. aug. 2026Søknadsfrist 17. sep. 2026<p>Søkjer byggeleiarar til bruprosjekt. Arbeidet omfattar leiing og oppfølging av prosjekt i alle fasar. Relevant utdanning eller erfaring og førarkort B krevjast.</p>

Om stillingen

Vi søkjer inntil to byggeleiarar til fleire spennande bruprosjekt i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune har ei omfattande bruportefølje, med fleire vedlikehalds- og utbyggingsprosjekt dei kommande åra. Planlagde oppstartar inkluderer mellom anna Åndalsnesbrua, Grøttabrua, Strandgatebrua og Rundebrua. I tillegg har vi ei rekkje prosjekt i planleggingsfasen. Prosjektorganisasjonen er i vekst, og vi styrkjer no bemanninga med  byggeleiarar innan bru. Du vil inngå i eit fagleg sterkt bruteam saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og prosjekterande. Stillinga rapporterer til prosjektleiar. Prosjektleiar har ansvar på porteføljenivå, medan byggeleiar følgjer opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og gjennomføringsfasen. Du kan velje kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Stillinga inneber ein del reiseverksemd i fylket. Fylkesvegavdelinga har eit stort og samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet. Vegprosjektseksjonen har om lag 50 tilsette med kompetanse innan prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Dette omfattar mellom anna byggherreorganisasjonar for veginvesteringar, Bypakke Ålesund, Remøybrua, tunneloppgraderingar, samt ei rekkje bru- og ferjekaiprosjekt. Arbeidsoppgåver - Leie eigne prosjekt med ulik storleik og kompleksitet - Følgje opp prosjekt i alle fasar: planlegging, prosjektering, anskaffing, gjennomføring og overlevering - Sikre gjennomføring i tråd med mål for HMS, ytre miljø, økonomi, framdrift og kvalitet - Rapportere til prosjektleiar og bidra i styring av prosjektporteføljen - Samarbeide tett med byggeleiarar, kontrollingeniørar og andre fagressursar Kvalifikasjonar - Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag - Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning - Erfaring med teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel - Kjennskap til stål- og betongkonstruksjonar, samt grunnarbeid og anleggsprosjekt er ønskjeleg - God digital kompetanse - Førarkort klasse B Personlege eigenskapar - Gode samarbeidsevner og evne til å involvere relevante aktørar internt og eksternt. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Løysingsorientert og utviklingsdriven - Strukturert og målretta arbeidsform - Evne til å ta ansvar og sjå behov Vi tilbyr - Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø - God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling - Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring - Løn etter avtale Kontaktinformasjon Torbjørn Vatnehol, Prosjektsjef, 97714119, torbjorn.vatnehol@mrfylke.no Hallvard Rangnes, Prosjektleiar prosjekt bru, 91700579, hallvard.rangnes@mrfylke.no Arbeidsstad Borgundvegen 340 6009 Ålesund Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: [phone] Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.09.2026

Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen