Vil du utgjere ein forskjell for barn og unge? Bli helsesjukepleiar i Vindafjord kommune!

Vindafjord kommune HelseØLENPublisert 27. aug. 2026Søknadsfrist 10. sep. 2026<p>Toårig vikariat som helsesjukepleiar med varierte og helsefremjande oppgåver for barn og unge. Krever relevant utdanning og gode norskkunnskapar.</p>

Om stillingen

Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter! Vindafjord kommune søkjer ein dyktig og engasjert helsesjukepleiar i 100 % toårig vikariat. Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag, med høve til å arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. Stillinga er ledig frå 14.09.2026. Kva får du jobba med hos oss? Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglige retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta.Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane,undervisning i klassane og veiledning av foreldre og lærerar.Vaksinering.Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt.Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge.Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar.Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år kan bli aktuelt på sikt.Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.Helsesjukepleiar som arbeider på helsestasjonen og som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn.Kvalifikasjonar: Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning eller master i helsesjukepleie. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert.Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.Det er ynskeleg med: Erfaring som helsesjukepleiar.Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro.Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for skulehelsetjenesta.Personlege eigenskapar Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar.Målretta og fagleg engasjert.Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper.Fleksibel og løysingsorientert.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon [phone] dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.Link til søknadsskjema: Søk her

Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen