Om stillingen
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig ei fast stilling som førstekonsulent i juridisk avdeling. Stillinga gir moglegheit for å arbeide mellom anna med lov- og forskriftsutvikling i eit sterkt nasjonalt fagmiljø. Kontorstaden er i Bergen, og stillinga er ledig frå 01. Januar 2027.
Avdeling for juridiske tenester har i dag 23 medarbeidarar, fordelt på kontorstadene våre i Bergen, Trondheim og Oslo. Vi yter juridisk rådgjeving og bistand til Kunnskapsdepartementet, kunnskapssektoren nasjonalt og internt i organisasjonen. Avdelingen har også ansvaret for offentlege anskaffingar og sekretariatet for Felles klagenemnd, i tillegg til strategisk utvikling innafor det juridiske fagområdet.
Er du nyutdanna jurist med gode resultat og ønskjer å arbeide mellom anna med lov- og forskriftsarbeid, kan dette vere jobben for deg. Har du i tillegg erfaring og kompetanse frå fagområdet eller våre andre juridiske områder, er vi særleg interesserte. Hos oss får du god opplæring, spannande oppgåver og mogelegheit for fagleg og personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø.
Sentrale oppgåver i stillinga vil vere
Medverke til koordinering av lov-, forskrifts- og høringsarbeid, mellom anna delta i arbeidet med å etablere eit nytt regelverk for samordnet masteropptakUtarbeide innstillinger til vedtak i Felles klagenemnd i saker etter universitets- og høgskolelovenBehandle spørsmål knytta til anskaffingar, innsyn, vedtak og klagesakshandsamingUtgreie ulike juridiske problemstillingar innanfor heile HK-dirs ansvarsområde, med særleg vekt på forvaltingsrett og EU/EØS-rettAndre oppgåver etter behov innafor heile ansvarsområdet til juridisk avdelingKvalifikasjonar
Du må ha:
Norsk master i rettsvitskap, med gode resultat. Kandidatar som leverer masteroppgåva hausten 2026, er også velkomne til å søkjeGode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norskGod digital kompetanse og erfaring med relevante verktøy, til dømes Teams, Office og Adobe ProDet er i tillegg ein fordel om du har:
erfaring frå lov- og forskriftsarbeiderfaring frå kunnskapssektoren, særleg innan opptakerfaring frå arbeid i nemderfagleg fordjuping eller erfaring innan eitt eller fleire av følgjande områder: EU/EØS-rett, anskaffingar, statsstøtte, personvern, kontraktsrett eller forvaltingsrett.Vi ønskjer at du
trivst i samarbeid med andre og kommuniserer godtarbeider strukturert, effektivt og sjølvstendigplanlegg godt og prioriterer oppgåver for å sikre framdrift i arbeidettar initiativ og er omstillingsdyktiger analytisk og liker å finne gode løysingar i utviklings- og forbetringsarbeidHos oss får du
spennande og samfunnsnyttig arbeid i eit sterkt juridisk fagmiljømoglegheit for fagleg utvikling og kompetansehevingfleksibel arbeidstidsordning og mogelegheit for å jobbe heimefrå delar av arbeidstidamogelegheit for trening i arbeidstida med inntil to timar per vekemoglegheit for mobiltelefonordningmedlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningarLønsvilkår
lønsplassering etter kompetanse som førstekonsulent, med ei årsløn mellom kr. 580 000 - 650 000to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasseInkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Svenn Wold Gaulen (avdelingsdirektør)
e-post: Svenn.gaulen@hkdir.no
telefon: +47 936 30 952
Om bedriften
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) har et samlet, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgaver innen høyere utdanning, høyere yrkesfaglig utdanning og kompetansepolitikk. Vi er faglig rådgiver for Kunnskapsdepartementet, og iverksetter politikken og samordner virkemidlene. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høyskoler.
Vi jobber for å løfte kompetansen i befolkningen, gjøre utdanning og opplæring av høy kvalitet tilgjengelig for alle hele livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Vi har kontorer i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim
Les mer om HK-dir her
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.hkdir.no/
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen