Om stillingen
SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag.SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil få ansvar for å følgje opp elevar enkeltvis og i større grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål i SFO.
Kvalifikasjonar
Barne- og ungdomsarbeider, med erfaring innan skulefritidsordning.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessenMe tilbyr
27% fast stilling i SFO. Timane vil vera fordelt på tre ettermiddager. Ønskeleg med snarleg oppstart. Intervjuer fortløpande.
Gode pensjonsordningar Løn etter tariffEin spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utviklingDer det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Iselin Stangeland, Leiar Sfo, 95107964, iselin.stangeland@time.kommune.no
Arbeidsstad
Kvartsvegen 5B4347 Bryne
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 27%FastStartdato: 14.09.2026Søknadsfrist: 11.09.2026
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen