Politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal PolitidistriktTINGVOLLPublisert 27. aug. 2026Søknadsfrist 10. sep. 2026<p>To faste stillingar som politibetjent med varierte oppgåver innan vakt, beredskap og etterforsking. Krav om politiutdanning og gode samarbeidsevner.</p>

Om stillingen

Om stillinga Vi har for tida ledig to faste stillingar som politibetjent 3/2/1 ved Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Vi søkjer deg som har høg motivasjon for å arbeide i kombinert stilling med vakt og beredskap, etterforsking og førebygging, og som vil vere med på å utvikle polititenesta i Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Arbeidsstad er for tida Tingvoll politistasjon. Vi kan tilby eit inkluderande og sterkt arbeidsfellesskap med spennande og varierte arbeidsoppgåver, der vakt og beredskap og etterforsking vil vere ein viktig del. I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking frå heimen. Stillinga legg til rette for rask fagleg utvikling gjennom tidleg ansvar og stor variasjon mellom fleire fagfelt. I tillegg til ein utviklande jobbkvardag, byr Tingvoll og Indre Nordmøre særleg på variert og storslått natur med høve til god livskvalitet, toppturar og anna friluftsliv året rundt. Vi ligg plassert med ein kort kjøretur til både Kristiansund og Molde med flyplassar og rikt kulturliv. Tingvoll er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/ Vi ser fram til å høyre frå deg! Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver arbeid innanfor vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelisteretterforskingsoppgåverutføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetodekriminalitetsførebyggande arbeidarbeid med forvaltning og sivile gjeremåldelta i politistasjonsdistriktet si beredskapstenesteandre oppgåver kan påleggastKvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål skal leggast ved søknaden.IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nyttgod munnleg og skriftleg framstillingsevneplettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga Det er også ønskjeleg med: erfaring frå politistillinganna relevant erfaringgode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulenetter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanningPersonlege eigenskapar For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du har: Robust, med dette meiner vi at du må håndtere å stå i tøffe psykisk og fysisk belastande oppdraggode samarbeidseigenskapargod evne til kommunikasjon og evne til å byggje tillit hos publikumkan jobbe sjølvstendig og strukturert tar initiativSom medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss meiningsfylte oppgåver med tidleg ansvar og stor variasjonfagleg utvikling, sjølvstendigheit og eit sterkt fellesskapfast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. [phone]politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. [phone]politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. [phone]For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for områdetgodtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnustenestemedlemskap i Statens pensjonskasse. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.moglegheit for trening i arbeidstidatilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedriftTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen