Om stillingen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat
Ved Geofysisk Institutt er det ledig to stillingar som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillingane er knytt til det strategiske Bjerknessenter-prosjektet Global Responses and Drivers of the Tropical Pacific Zonal SST gradient Trend (GRADIENT). Den eine stillinga er finansiert av GRADIENT-prosjektet og den andre er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den sonale gradienten i havoverflatetemperatur i det tropiske Stillehavet er ein sentral komponent i global klimavariabilitet, men klimamodellar klarer likevel ikkje å gjenskape den historiske utviklinga i gradienten. Dette avviket påverkar estimat for klimasensitivitet og regionale klimaframskrivingar gjennom fjernkoblingar. Som ph.d.-kandidat i GRADIENT blir du del av eit tverrfagleg team med kompetanse innan klimadynamikk, paleoklima, data-assimilering, og klima- og isotopmodellering.
Ph.d.-kandidatane skal undersøkje mekanismar som koplar trendar i overflatetemperatur i tropisk Stillehav med ekstern klimapådriv og deira innverknad på regionalt klima (t.d. Atlanterhavet, Indiahavet, nedbørstrendar i Aust-Afrika). Arbeidsoppgåvene inkluderer analyse av modellsimuleringar og ei ny paleo-reanalyse som nyttar moderne data-assimilering og eit omfattande arkiv av paleoproksi-data, samt å utforme og gjennomføre målretta klimamodelleksperiment.
Som ph.d.-kandidat ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR), det største klimaforskningssenteret i Norden med eit breitt internasjonalt miljø. Kandidaten kan òg delta i det nasjonale ph.d.-nettverket The Norwegian Research School for Climate-Informed Innovation and Decision-making (Climate-Informed).
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i klimadynamikk, meteorologi, oseanografi, fysikk, matematikk eller relaterte fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skjeSolid bakgrunn i matematikk og fysikk er eit kravErfaring med vitskapleg programmering (t.d. Matlab, Python) er eit kravErfaring med statistisk analyse av klimadata (observasjonar eller modellresultat) er ein fordelErfaring med klimadynamikk er ein fordelSøkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevnerSøkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskaparPersonlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/-tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljøløn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitetmedlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarSøknaden skal innehalde
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillingaei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. CVkarakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. relevante attestargodkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Lea Svendsen, Geofysisk institutt (Lea.Svendsen@uib.no), eller instituttleder Tor Eldevik, Geofysisk institutt (Tor.Eldevik@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen (Magnus.Larsen@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen