Om stillingen
Luranetunet har ledig 21,60% helgestillling m/arbeid fredag, laurdag søndag kvar 3. helg som kokk/matkyndig
Om stillingaStillinga er i kjøkkenet på Luranetunet. Stillinga inneber arbeid på dagtid kvar tredje helg. (fredag-søndag) Kjøkenet opna hausten 2022. Produksjonskjøkkenet ligg ved Fusa Bu- og behandlingssenter, kjøkkenet på Luranetunet tek seg av siste produksjon og varmebehandling av middagen før servering samt tillaging av frukost, lunsj, kaffemat og dessert. Her har du høve til å delta i utvikling av framtidas tilbod. Her får du vere med i det daglege arbeidet ved kjøkenet på Luranetunet og samarbeide tett med fagleiar.
Arbeidsoppgåver
Generell kjøkkendriftKlargjør frukost, lunsj, middag, kvelds og kaffemat/dessert til avdelingeneVera ein ressursperson innan matfag ut mot avdelinganeIK-Mat og reinhaldVaremottakVidareutvikle tilbodet innan matomsorg.Kvalifikasjonar
Du har utdanning som kokk eller har matfagleg kompetanse/erfaringDu har evne til å arbeide sjølvstendig og team.Du har interesse for matlagingDu har god norsk munnleg og skriftleg framstilllingsevneUtanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerEr sjølvstendig og intuitivEr oppteken av kvalitet og fagutviklingEr utprega løysningsorientertHar evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardagEr oppteken av god serviceOm Luranetunet bu- og behandlingssenterLuranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, samt ein serviceavdeling som inneheld reinhalds-, vaskeri-, og teknisk avdeling.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Vi tilbyr
Arbeid i ei eining i utvikling og moglegheit til å vera med å påverkaFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utviklingVarierte og spanande arbeidsoppgåver med fokus på å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane våre.God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikringLøn etter gjeldande avtalarPersonalreglement som er tilpassa arbeidstakerar i ulike livsfaserVi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunenBjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen