Om stillingen
Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet porfyrisykdommer (Napos) er eit nasjonalt fagmiljø med eit særleg ansvar for personar med porfyrisjukdomar. Som leiar får du overordna ansvar for eit sterkt og tverrfagleg miljø på om lag 12 årsverk, og høve til å vidareutvikle eit fagområde der kunnskap, forsking og godt samarbeid er avgjerande for gode tenester til pasientane. Hos oss møtast diagnostikk, behandling, pasientoppfølging, forsking, undervisning, kvalitetsarbeid og fagutvikling. Vi samarbeider tett med helsepersonell og fagmiljø over heile landet og deltek i nasjonale og internasjonale nettverk.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som ønskjer å leie eit kompetent og tverrfagleg miljø, og som motiverast av å kombinere fagleg utvikling, samarbeid og leiing. Du har evne til å skape engasjement, bygge tillit og oppnå gode resultat saman med andre.
Du kan ha bakgrunn som lege eller frå helse- og laboratoriefag. Du treng ikkje vere ekspert på porfyrisjukdomar for å søkje. Kjennskap til porfyrisjukdomar og/eller sjeldanfeltet er ein fordel, men vi er også interesserte i kandidatar med relevant fag- og leiarerfaring frå andre delar av helsetenesta.
Har du solid fagleg erfaring og ønskjer å ta steget inn i ei leiarrolle, oppmodar vi deg også til å søkje.
Litt om oss
Enhet porfyrisykdommer er del av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, som ein av ni einingar. Senteret har kompetansebygging og kunnskapsspreiing som formål. Eininga har som mål at personar med porfyrisjukdomar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgetilstandar gjer at pasientane kan ha behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.
Vi rettleier helsepersonell over heile landet innan utgreiing, behandling og oppfølging av personar med porfyrisjukdomar. Vi utarbeider og publiserer behandlings- og oppfølgingsretningslinjer, driv undervisning og har eit breitt spekter av læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får, gjennom det nasjonale, medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.
Er du nysgjerrig på leiarrolla, men usikker på om du har den rette fagbakgrunnen? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Arbeidsoppgåver
Overordna fagleg, administrativt inkludert budsjett og personalmessig ansvar for Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet porfyrisykdommerAnsvar for heilskapleg og strategisk utvikling av verksemda, i tråd med vedtekne mål og strategiarDelta i leiargruppa for Nasjonalt senter for sjeldne diagnoserLeie og vidareutvikle Norsk porfyriregisterDelta i og eventuelt leie tverrfaglege team ved enhet profyrisykdommerSamarbeide med Seksjon for porfyrianalysar, seksjonsoverlege og legar ved MBF opp mot porfyridiagnostikkAnsvarleg for å legge til rette for forskingsaktivitetar, utviklingsprosjekt og kliniske studiarAvhengig av faglege kvalifikasjonar; bidra i klinisk verksemd retta mot helsepersonell og pasientar knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av porfyrisjukdomarDelta i nasjonale og internasjonale nettverk knytt til porfyrisjukdom og andre sjeldne diagnosarLeiar rapporterer til avdelingssjef ved MBFKvalifikasjonar
Lege med norsk autorisasjon og relevant spesialistutdanning, alternativt mastergrad i helse- eller laboratoriefag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanningForskingserfaring er ønskelegRelevant leiarerfaring kan vere ein fordelEvne til å uttrykke seg klart skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, samt ha god formidlingsevnePersonlege eigenskapar blir vektlagdePersonlege eigenskapar
God økonomi- og organisasjonsforståingAnsvarsbevisst med evne til å arbeide strukturert, nøyaktig og målrettaÅ halde roa, oversikta og fokuset, sjølv når tempoet er høgt og mange fristar kjem samstundesÅ kunne arbeide med fleire parallelle oppgåver og fullføre dei til rett tidEvne og vilje til å sette seg inn i nye saksområdeEvne til å motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljøTrivst med å arbeide både sjølvstendig og tverrfaglegInteresse for utvikling- og forbetringsarbeidVi tilbyr
DagstillingEit aktivt og triveleg arbeidsmiljøHøgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåverTverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaerLønn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningarFleksible arbeidsforholdVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen