Om stillingen
Vil du leie ei viktig teneste for barn og unge? Villatoppen avlastingsbustad yt tenester til barn og unge med funksjonsvariasjonar og behov for tilrettelagt omsorg og oppfølging.
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst i Kvinnherad kommune. Eininga samlar dei fleste hjelpetenestene for barn, unge og familiar i kommunen, og omfattar barnevern, helsestasjon, PPT, familiestøtte, avlastning og butiltak for barn og unge, samt tverrsektorielt psykologteam.
No søkjer vi ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar til Villatoppen avlastingsbustad.
Hos oss får du ei sentral leiarrolle med ansvar for drift, fagutvikling og personaloppfølging, samtidig som du bidreg til å sikre gode og trygge tenester for barn og unge med ulike funksjonsvariasjonar, ressursar og behov.
Om stillinga
Som avdelingsleiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av Villatoppen avlastingsbustad. Du skal sikre at tenestene held høg fagleg kvalitet, leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø og bidra til god samhandling med familiar og samarbeidspartnarar.
Du vil ha personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga, og vere ein tilgjengeleg leiar med fokus på rettleiing, utvikling og kvalitet i tenestene.
Stillinga inneber også ansvar for oppfølging av alle barn i kommunen med vedtak etter helse- og omsorgstenestelova, samt samarbeid med føresette og aktuelle samarbeidsinstansar.
Noko ettermiddags- og helgearbeid må påreknast.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å skape gode liv for barn og unge. Du vert del av eit tverrfagleg og støttande fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Vi legg vekt på fagleg utvikling, gode samarbeidsrelasjonar og ein kultur der vi støttar, utfordrar og heiar på kvarandre.
Arbeidsoppgåver
Personal-, økonomi- og fagansvar for avdelinga
Ansvar for turnus
Planlegging, koordinering og dagleg drift,
Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling
Sikre kvalitet i dokumentasjon og rapportering
Rettleiing og oppfølging av medarbeidarar
Utvikle og styrkje tverrfagleg samarbeid
Samarbeid med familiar og aktuelle samarbeidspartnarar
Delta i praktisk bistand, pleie og omsorg ved behov
Arbeidsoppgåvene kan verte endra i takt med utviklinga av tenesta.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant høgare utdanning innan helse-, sosial- eller pedagogiske fag.
Søkjarar med annan relevant utdanning kan også verte vurderte.
Det er ønskjeleg at du har:
Vidareutdanning innan leiing, administrasjon eller rettleiing
Erfaring frå leiing og personaloppfølging
Kjennskap til offentleg forvaltning
Erfaring frå arbeid med barn og unge med funksjonsvariasjonar
Førarkort klasse B
Kven er du?
Vi ser etter ein leiar som er trygg, tydeleg og relasjonssterk. Du trivst med ansvar, evnar å skape tillit og har eit ekte engasjement for menneska rundt deg.
Vi ønskjer at du:
er imøtekommande og god til å byggje relasjonar
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er trygg i møte med utfordrande situasjonar
arbeider strukturert og målretta
er løysingsorientert og handlekraftig
evnar å motivere og utvikle medarbeidarar
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
har gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Ei spennande leiarstilling med stor påverknadskraft
Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Eit sterkt fagleg miljø og gode utviklingsmoglegheiter
Rettleiing, støtte og kompetanseheving
Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Moglegheit for sletting av delar av studielån etter gjeldande ordningar
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Ingen eigedomsskatt i Kvinnherad kommune per i dag
Anna informasjon
Det må leggjast fram gyldig politiattest før tiltreding. Kravet er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig tenestetilbod for barn og unge i Kvinnherad? Då håpar vi du søkjer!
Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 27. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen