Om stillingen
Ynskjer du å bidra til tryggleik, livskvalitet og gode dagar for bebuarane ved Herøy omsorgssenter?
Vi har to ledige vikariat ved langtidsavdelinga på Herøy omsorgssenter og søkjer etter engasjerte og fagleg dyktige helsefagarbeidarar som vil vere med og styrkje tenestene våre.
Stilling 1: 80 % vikariat
3-delt turnuslangvakter på 12,5 timararbeid kvar 4. helgStilling 2: 93 % vikariat
2-delt turnusarbeid 4 av 12 helgerBegge stillingane er ledige frå 30. november 2026 til januar 2028.
Herøy omsorgssenter er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:
seksjon raud: somatisk sjukeheimseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassarseksjon grøn: somatisk sjukeheimsseksjon med i hovudsak 15 langtidsplassarsekson blå: seksjon for personar med demensFrå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon.
Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre.
Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Den nye seksjonen vil ha ansvar for:
30 langtidsplassarheilskapleg pleie- og omsorgstilbod til bebuaranetverrfagleg samarbeid og fagutviklinggod ressursutnytting og effektiv drifteit trygt og utviklande arbeidsmiljø for medarbeidaraneVi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.
Arbeidsoppgåver
individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver til bebuar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid)utarbeide og følgje opp tiltaksplanardokumentasjon etter gjeldande lovverksamarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløpbidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenestaKvalifikasjonar
norsk autorisasjon som helsefagarbeidarerfaring frå liknande arbeid er ein fordelgode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordelgod munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4).Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Personlege eigenskapar
tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måtetilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagenkommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaerer til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfulltkan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonarvilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobbenbidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåverhar fokus på heilskaplege pasientforløpVi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
løn etter gjeldande tariffavtalegode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLPstipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorggodt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivselelektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glupfagdag i turnusHerøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Cecilie Tarberg, Seksjonsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%VikarStartdato: 30.11.2026Sluttdato: 16.01.2028Søknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen