Om stillingen
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Vi søker etter ein sjukepleiar/vernepleiar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har fokus på individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
fylgje opp medisinske tiltak ordinert av legefagleg ansvar for legemiddelhandteringutarbeide og fylgje opp tiltaksplanarpleie- og omsorgsoppgåver
miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg
observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag
bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
samarbeid med pårørande
bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica
gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
du vert motivert av faglige utfordringer i møte med personer med demensdu tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte
du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer
du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt
du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt
du bidreg til å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak
du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
du er trygg, rolig og forutsigbar i møte med personar med demens, samt god til å bygge tillit
du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
eit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljøvarierte og meiningsfulle arbeidsoppgaverårsturnusløn etter gjeldande tariffavtalepensjon og forsikringsordning gjennom KLPfagdag i turnuselektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederenstipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sissel Reite, Seksjonsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5C6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastSøknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen