Om stillingen
Vil du bli vår nye kollega?
Ledig 90% vikariat som vernepleiar/sjukepleiar
Ledig frå snarast og ut februar 2027 med moglegheit for forlenging. Stillinga innebær dag og kveldsvakter i turnus. Arbeid kvar 3. helg.
Kalhagen Bufellesskap i Norheimsund har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev tjenester til personar med utviklingshemming i ulik alder og med ulike omsorgsbehov. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team og det er viktig at me er gode støttespelarar for kvarandre.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorgPrimærkontaktansvar og miljøterapeutisk arbeid direkte med brukarane og deira pårørandeSamarbeid med interne og eksterne støtteapparat
Ha det overordna ansvaret for legemiddelmiddelhandtering og internkontroll
Rettleiing og opplæring av kollegaer
Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak I tillegg til pleie er ein del av arbeidet administrative oppgåver som t.d protokollføring etter helse og omsorgstenestelova kap. 9, journalskriving, kartlegging og arbeid med indivduell plan
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukeleiarDu må ha relevant arbeidserfaring Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.Førarkort klasse BGod skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjonGode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegVed nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Trygg på deg sjølv i utfordrande situasjonarGod relasjonsevneHa ei genuin interesse for fagfeltetKunna jobba sjølvstendigTrivst med kombinasjonen av administrative oppgåver og praktisk miljøarbeidDu må like å ta ansvar, og vera tydeleg i samhandling med andre
Me tilbyr
Fagleg interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåverEit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utviklingTid til fagleg refleksjon og rettleiing
Leiarar som ser heilskapTverrfagleg samarbeidLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemSom vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssakaI Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenestaMe gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Thale Valland, Gruppeleiar Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester, +[phone]
Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 90%VikarSøknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen