Om stillingen
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.
Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Skriv i søknaden kva du søkjer på:
Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkallingStranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkallingStranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling
Arbeidsoppgåver
Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen
Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar
Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.
Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort.
Personlege eigenskapar
Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
Interesse for faget.Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behovVi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
Løn etter kvalifikasjonar
Kontaktinformasjon
Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar heimetenesta, [phone]Hannah Velle Vadset, Avdelingsleiar sjukeheimen, [phone]Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 0%VikarSøknadsfrist: 30.11.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen