Om stillingen
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk nevropsykologi er ledig omgåande.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksiserfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialistevne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenestapersonlege eigenskaparsamarbeid med andreinnretning av praksisPraksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest RHF og Norsk psykologforening.
Arbeidsoppgåver
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle "sørge for" -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Helse Førde. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Helse Førde.
Det vil i den individuelle driftsavtalen bli fastsett eit minstekrav til inntak av nye pasientar kvar månad.
Vilkår og rammer
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
Kontaktinformasjon
Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822
Arbeidsstad
Knud Holms gate 8
4005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Vest RHF
Referansenr.: 5171283995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen