Driftsteknikar / røktar søkes til moderne settefiskanlegg

Villa Smolt ASMOLTUSTRANDAPublisert 26. aug. 2026<p>Stillingen innebærer daglig stell og fôring av fisk, overvåking av fiskevelferd og teknisk drift. Relevant utdanning eller erfaring er ønskelig. Opplæring gis.</p>

Om stillingen

Er du praktisk anlagt, oppteken av fiskevelferd og interessert i moderne akvakultur? Då kan dette vere stillinga for deg. Dette får du hjå oss Ein variert og praktisk arbeidskvardag Arbeid med moderne produksjonsteknologi Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar Høve til å påverke og bidra til vidare utvikling God opplæring og fagleg utvikling Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår Arbeidsoppgåver Dagleg røkting, fôring og oppfølging av fisk Overvaking av fiskevelferd, vasskvalitet og produksjonsmiljø Reinhald og vedlikehald av kar, utstyr og produksjonsområde Prøvetaking, registrering og dokumentasjon Kontroll og oppfølging av tekniske anlegg Deltaking i internkontroll, kvalitetsarbeid og HMS Førebygging og handtering av avvik Andre oppgåver knytte til den daglege drifta av anlegget Stillinga inngår i vaktordninga. Vi ser etter deg som Har fagbrev i akvakulturfaget eller anna relevant utdanning eller erfaring Har interesse for fiskevelferd, biologisk produksjon og teknisk drift Er praktisk anlagt og har god teknisk forståing Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt Samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Er løysingsorientert og tek initiativ Har gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Har førarkort klasse B Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi oppmodar også nyutdanna og personar med relevant praktisk bakgrunn frå andre fagområde til å søkje. Den rette personen får nødvendig opplæring. Klar for å søkje? Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte: Cliff Hasfjord, driftsleiar Telefon: 474 55 001 Send søknad og CV til: cliff.villasmolt@tussa.com Søknadsfrist: 14. september 2026 | Tilsetjing etter avtale Vi ser fram til å høyre frå deg! Om bedriften Villa Smolt AS driv settefiskproduksjon på Moltustranda i Herøy kommune. Anlegget består av tre avdelingar med gjennomstrøyming, gjenbruk og RAS-teknologi. Vi har konsesjon for produksjon av inntil fem millionar smolt årleg og arbeider målretta med kvalitet, fiskevelferd, driftstryggleik og berekraftig produksjon. Villa Smolt AS er ein del av AGAQUA-konsernet og er GLOBALG.A.P.-sertifisert. Sektor Privat Nettsted https://www.settefisk1.no/villa-smolt

Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen