Om stillingen
Vil du bidra til å gje trygge og gode helse- og omsorgstenester til innbyggjarar på Huglo?
Stord kommune søkjer etter deg som ynskjer å vera med og yta nødvendige helse- og omsorgstenester til innbyggjarane på Huglo. Stillinga passar godt for deg som er sjølvstendig, ansvarsbevisst og har eit ønske om å bidra til gode tenester i lokalsamfunnet.
Stillinga er etter avtale og etter tilkalling ved behov. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett er busett på Huglo.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgsoppgåver etter opplæring
Praktisk bistand og oppfølging av brukarar i tråd med vedtak
Samarbeid med heimebaserte tenester på Stord
Dokumentasjon og kommunikasjon i kommunen sine fagsystem
Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav om formell helse- og sosialfagleg utdanning
Personleg eigenskapar vert vektlagde
Førarkort klasse B er ønskjeleg
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Er omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske
Er sjølvstendig og påliteleg
Har gode samarbeidsevner
Er fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr
Opplæring og rettleiing
Meiningsfylte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande avtaleverk
For nærare opplysningar om stillinga, Kristin Steinsland, Einingsleiar Tenester til heimebuande mob. [phone]
Velkomen som søkjar!
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen