Om stillingen
Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet til brukargruppa.
Stillinga er knytt til seksjon Sevrinhaugen, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Sevrinhaugen har ansvar for voksne mennesker med ulike utfordingar. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid med det enkelte brukar
Delta i daglege aktivitetar med brukarane
Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
Samarbeide med foreldre og andre instansar
Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar
Som vernepleiar har ein ansvar for handtering av legemidlar og medisinfaglege prosedyrar
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinsvis vernepleiar
Andre med helse- og sosialfagleg utdanning kan søke også
Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
Kjennskap til teiknspråk er ønskeleg
Førarkort klasse B for manuell gir
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
IKT ferdigheiter
Tilfredsstillande politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff
Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
Tilgang på elæringskurs frå Glup
Arbeidsvilkår: Turnus med langvakter - kan endrast evn ved behov, kombinasjonstilling med andre seksjonar som ein samarbeider med rundt felles brukarar
Kontaktinformasjon
Annette Vatne, Seksjonsleiar Sevrinhaugen, 94854243, annette.vatne@volda.kommune.noReidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 16102 Volda
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen