Om stillingen
Er du psykiater eller snart ferdig med spesialiseringa og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig fast stillingar for overlege i psykiatri
ved Ambulante tenester akutt psykisk helse Ålesund.
Oppstart frå snarast eller etter avtale.
Avdeling for distriktspsykiatrisk senter Sunnmøre er ei av seks avdelingar i Klinikk for psykisk helse og rus. Avdelinga tilbyr desentraliserte
tilgjengelege og samanhengande spesialisthelsetenester.
I samarbeid med kommunane på Sunnmøre, som er opptaksområdet for vår avdeling, vil vi arbeide for at menneske med psykiske lidingar skal kunne
leve eit mest mogleg normalt liv, prega av deltaking, uavhengigheit og evne til
å meistre eige liv. Dette inneber tilgjengelege tenester for befolkninga og
stor grad av brukarmedverknad. I avdelinga er det eit tett samarbeid mellom
seksjonane, med høve til fagleg utvikling og variert klinisk arbeid for
medarbeidarane. Ambulante tenester akutt psyksik helse Ålesund tilbyr utgreiing, diagnostisering og
behandling i pasienten sitt heimemiljø.
AHT er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatriske tilbod for vaksne. Teamet er lokalisert på Ålesund sjukehus. AHT er
tverrprofesjonelt sett saman av spesialistar i psykiatri, psykologi,
sjukepleiarar og sosionomar med vidareutdanning og ein merkantil ressurs.
AHT er eit frivillig behandlingstilbod der heimebehandling kan vere eit
alternativ til akuttinnleggelse i psykiatrisk døgnavdeling. Brukarperspektivet
står sterkt når ein får behandle pasientar i heimemiljøet. Ettersom psykiske
kriser kan oppstå som følge av ein kombinasjon av medisinske, sosiale og
miljømessige faktorar, får ein god oversikt over dette når ein behandlar
pasienten i heimen. Psykiater vil også ha faglig ansvar for pasientar på TUD og dom. Vi gir tilbod til pasientar med til dømes psykoselidingar, angst, depresjon, traume- og personlegdomsproblematikk.
Pasientane vert søkt inn frå fastlegar, legevakt, kommunale tenester eller overført frå andre seksjonar i klinikken. Vi har ei tverrfagleg
tilnærming i behandlinga i samarbeid med pasienten.
Arbeidsoppgåver
Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
Deltaking i bakvaktordning
Faglig ansvar for pasienter på TUD og dom
Kvalifikasjonar
Overlege i psykiatri med norsk autorisasjon
LIS 2/3 som nærmar seg ferdig med spesialiseringa kan også søke
Erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri, gjerne ambulant, men det er ikkje ein føresetnad
Meistre norsk både skriftleg og munnleg
Førerkort
Personlege eigenskapar
Nytenkjande og endringsorientert
Gode kommunikasjonsevner både med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Har ei fleksibel haldning
Lagspelar
Evne til å arbeide på tvers av ulike fagmiljø
Evne til å tåle stress og stå i krevande situasjonar
Personleg eignaheit vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +[phone], Ase.Helene.Gjerde@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen