Om stillingen
Om stillinga
Marihøna barnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar. Stillinga er ledig frå snarest, eller etter avtale med leiar.
Om barnehagen
Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med kort veg til busshaldeplass og hurtigbåtkai. I området rundt barnehagen har vi tilgang til fine turområde med skog, sjø og fjell, samt tilrettelagde leikeområde og bibliotek.
Arbeidsoppgåver / ansvar
fagleg ansvar for avdelinga
skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver med eit berekraftig fokus
vere ein del av leiarteamet i barnehagen og bidra i ledelse og veiledning av medarbeidarar i avdelinga
bidra til faglig kompetanseheving
bidra til godt samarbeid og kommunikasjon med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnere
Kompetanse
Pedagogisk leiar og barnehagelærar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar, eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med tilleggsutdanning innan barnehagepedagogikk.
Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel.
Eigenskaper
Vi leiter etter ein pedagogisk leiar som
passer inn i personalgruppa vår, tilfører oss noko og som kan vere med å utvikle oss og satsingsområda våre.
er raus, tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
er god på relasjonar til barn, føresette og kollegaer
Vi tilbyr
godt og inkluderande arbeidsmiljø
ein barnehage med sentral beliggenhet, men nærleik til naturområder
gode samarbeidspartnarar i nærmiljøet.
Lønsvilkår / Vilkår
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og inkluderande kollegaer og meiningsfylt arbeid for barn si utvikling.
Sist oppdatert 26. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen