Om stillingen
Vil du jobbe med husdyrfag og forvaltning i landbruket?
Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den gjeldande landbrukspolitikken, med rom for regionale tilpassingar.Seksjon landbruk søkjer no ein engasjert rådgivar/seniorrådgivar med husdyrfagleg kompetanse som vil arbeide i skjeringspunktet mellom landbruk, beitebruk og rovviltforvaltning. Hovudtyngda av seksjonen sine oppgåver er forvaltning av juridiske og økonomiske verkemiddel, kompetansesenter for kommunal landbruksforvaltning, næringsutvikling og samfunnsplanlegging. Vi er 14 medarbeidarar på seksjonen. Du blir del av eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø med låg terskel for samarbeid, kunnskapsdeling og faglege diskusjonar.
Arbeidsoppgåver
Du får hovudansvar for fleire viktige tilskots- og forvaltningsordningar og blir ein sentral fagperson på husdyrområdet. Dette inneber mellom anna ansvar for tilskotsordninga tiltak i beiteområde, husdyrkonsesjonsregelverket og oppfølging av andre husdyrfaglege og prioriterte oppgåver innanfor landbruksområdet.Vidare får du arbeide med nokre av dei mest aktuelle problemstillingane innan landbruks- og miljøforvaltninga, og vere med på å balansere omsynet til aktiv beitebruk og berekraftig rovviltforvaltning. Oppgåvene omfattar informasjon og sakshandsaming knytt til rovviltforvaltninga, mellom anna førebyggande og konfliktdempande tiltak, samt bistand til sekretariatet for rovviltnemnda i region seks.Arbeidet vil innebere utstrekt samarbeid med kommunane, fylkeskommunen, Mattilsynet og organisasjonane i landbruket.Du må rekne med å kunne bli tillagt andre oppgåver innanfor statsforvaltaren og seksjon landbruk sitt ansvarsområde, avhengig av kva oppgåver som til ei kvar tid er prioriterte og kva erfaring/kompetanse du har.
Kvalifikasjonar
Til å utføre desse oppgåvene søker vi etter deg som har
landbruksfagleg utdanning, minimum bachelorgrad eller tilsvarende, med vekt på husdyrfag
interesse og forståing for landbruksnæringa
god skriftleg formuleringsevne på norsk
førarkort klasse B
Det er ein fordel at du har erfaring frå
landbruksnæringa
saksbehandling i offentleg sektor
Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar og ønsker at du
er samarbeids- og løysingsorientert, og kan balansere samfunnsomsyn og regelverk
har god kommunikasjons- og formidlingsevne
tar initiativ til forbetringar og nye løysningar
er strukturert, effektiv og klarer å prioritere arbeidsoppgåver
Dersom du ønsker å bruke husdyrfagleg kompetanse til å løyse viktige samfunnsoppgåver i tett samarbeid med næringa og forvaltninga, ønsker vi å høyre frå deg.
Hos oss får du
ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
løn som 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr.550.000,- til kr. 760.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid. Begge målformene må kunne nyttast. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.
medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
høve til å trene i arbeidstida
Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling
).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Brit Kari Eidseflot Hauger på telefon (Norge +47) 97082965.
Søknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen