Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Statsforvaltaren i Møre og RomsdalMOLDEPublisert 25. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026760.000,-

Om stillingen

Vi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet. Vi har no ledig ei nyoppretta fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse.   Om seksjon for helse Vi arbeider for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Seksjonen har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Frå 1.juli 2026 tok statsforvaltaren over meldingar om alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenester. Vi samhandlar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er variert og samfunnsaktuelt – og du får stor moglegheit til å påverke og samle erfaring.   Arbeidsoppgåver Saksbehandling av klager og tilsynssaker. Rettleiing til verksemder, helsepersonell og innbyggjarar, til dømes gjennom tilsyn og formidling av regelverk. Bidra med faglege innlegg og opplæring. Delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde.   Vi søkjer etter deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan helse- og omsorgsrett. I særlegetilfelle kan lang og relevant praksis kompensere for vidareutdanning, dersom du har solid erfaring med arbeid der sjukepleiefaglege vurderingar blir kombinert med juridiske vurderingar i saksbehandling. (Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing og godkjenning frå HK-DIR/NOKUT). har erfaring frå offentleg forvaltning, og saksbehandling innan helse- og omsorgstenester kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk med både offentlege instansar og brukarar kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar likar å jobbe analytisk og sjå samanhengar samarbeider godt og deler kompetanse trivst med saksbehandling For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha relevant arbeidserfaring innan eitt eller fleire av seksjonen sine fagområde solid kompetanse innan sakshandsaming, rettleiing eller utviklingsoppgåver ​Hos oss får du ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 760.000,-. Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet. tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid. medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosentav løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- ogforsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK) moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise )Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.( https://www.statsforvalteren.no/mr )Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351. Søknadsfrist: 13.09.2026 ​

Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen