Om stillingen
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat forsjukepleiar.
Vi ønskjer søknader frå både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar.
Vi har tre ledige vikariat i 100 % stilling med oppstart snarast mogleg. Dersom du ønskjer deltidsstilling, kan vi også leggje til rette for dette.
Medisinsk sengepost 1 jobbar i det nye sjukehuset (Liva bygget) og har spesialistar på tre hovudfagfelt: nyre-, diabetes- og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri. Geriatri har også eigen poliklinikk i sengeposten (Svana). For deg som er nyutdanna er dette ein god plass å starte som sjukepleiar, her får du møte ei stor gruppe pasientar med varierte indremedisinske sjukdommar.
Vi samarbeider tett med sengepost 2 som har spesialistar i fagfelta gastro, lunge & lungekreft og utgreiing. Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag saman med engasjerte og kompetente kollegaer som samarbeider tett og støttar kvarandre. Vi legg vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø, og gir deg gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din og få brei klinisk erfaring.
Stillingane som blir lyst ut høyrer i hovudsak til fagfeltet hjartesjukdommar og ei stor overvekt av arbeidet vil være på dette teamet.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du møte både akutt og kronisk sjuke pasientar med eit breitt spekter av sjukdomsbilete. Mange av pasientane er eldre og har samansette helseutfordringar. Arbeidet omfattar pasientnær oppfølging, behandling, observasjon, stell og pleie.
Stillinga inngår i tredelt turnus, og det er ein føresetnad at du kan arbeide i denne turnusordninga.
Arbeidet er tverrfagleg, og du samarbeider tett med både pårørande og primærhelsetenesta for å sikre heilskapleg pasientoppfølging. I det tverrfaglege teamet samarbeider du mellom anna med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein naturleg del av det daglege arbeidet.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar
Søkjar må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar.
Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål.
Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
God opplæring gjennom ei fadderordning med trygge rammer.
Eit fagleg utviklande arbeidsmiljø med fokus på organisasjonsutvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene våre.
Moglegheit til å vere med og bidra til å utvikle eit nytt og betre sjukehus for både pasientar og tilsette.
Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på sosial tilhøyrsle og trivsel, mellom anna gjennom årlege sosiale treffpunkt.
Moglegheit for langvakter i helg for dei som ønskjer det.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, (+47) [phone]
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatSøknadsfrist: 09.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen