Om stillingen
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Sørestyranda skule/SFO. Tiltreding etter avtale.
Sørestranda skule har for tida om lag 80 elevar, og 38 born nyttar SFO. Vi søkjer ein trygg, strukturert og engasjert avdelingsleiar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, trygt og godt skule- og SFO-miljø.
Dette er ei variert avdelingsleiarstilling med ansvar for å skape god samanheng mellom skuledagen og SFO. Du arbeider tett på elevane i skuletida og har ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO. Stillinga kombinerer pedagogisk arbeid, koordinering av medarbeidarar og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåvene er for tida fordelte med om lag 60 % arbeid i skulen og 40 % arbeid knytt til SFO. Du er avdelingsleiar i heile stillinga. Stillinga følgjer ordinær arbeidstid, og du må vere tilstades både i skuletida og SFO-tida. Du samarbeider tett med rektor, som er din næraste leiar. Rektor har personalansvaret for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk og miljøretta arbeid tett på elevar og elevgrupper
Samarbeide med lærarar om individuelt tilrettelagd opplæring og tilpassingar innanfor det ordinære opplæringstilbodet
Arbeide proaktivt og førebyggjande for eit trygt og godt skulemiljø
Ansvar for dagleg leiing, drift, organisering og vidareutvikling av SFO
Planleggje aktivitetar og bidra til eit godt pedagogisk tilbod i tråd med rammeplanen for SFO
Administrative oppgåver knytte til den daglege drifta av skulen og SFO
Tett samarbeid med rektor, lærarar og andre tilsette
Kvalifikasjonar
Det er krav om:
Relevant pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå
Relevant erfaring frå arbeid i skule og/eller SFO
Gode digitale ferdigheiter og god systemforståing
God evne til å planleggje, organisere og følgje opp arbeidsoppgåver
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Du må kunne nytte nynorsk
Det må leggast fram gyldig politiattest før tiltreding
Leiarerfaring og kjennskap til relevante administrative system er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
er trygg og tydeleg og har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
arbeider strukturert, sjølvstendig og systematisk
tek initiativ, ser løysingar og har god gjennomføringsevne
trivst med ansvar, høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver
bidreg positivt til arbeidsmiljøet og samarbeider godt og tett med rektor og resten av personalet
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjinga.
Vi tilbyr
Ei spennande og variert avdelingsleiarstilling der du kombinerer pedagogisk arbeid, administrasjon og leiing
Høve til å påverke og vidareutvikle samspelet mellom skule og SFO
Tett samarbeid med rektor og dei andre tilsette ved skulen
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter avtale
Vi ønskjer eit større mangfald i personalgruppa. Menn er underrepresenterte ved skulen og blir oppmoda om å søkje.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjarar legg ved relevante vitnemål og attestar.
Kontaktinformasjon
Knut Orre, Rektor / Einingsleiar, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Ikornnesvegen 156222 Ikornnes
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen