Rådgivar/seniorrådgivar - vernepleiar helse og rettstryggleik i omsorg

Statsforvaltaren i Møre og RomsdalMOLDEPublisert 25. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026760.000,-

Om stillingen

Vil du gjere ein forskjell for rettstryggleik og fagleg kvalitet? Vi søkjer rådgivar/seniorrådgivar Er du vernepleiar med autorisasjon og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for enkeltmenneske? Vi søkjer deg som vil vere med og sikre rettstryggleik for sårbare grupper og bidra til god offentleg forvaltning. Om seksjonen og fagmiljøet Stillinga er plassert i seksjon rettstryggleik i omsorg som har ansvar for oppgåver knytt til tvang mot personar med utviklingshemming og å sikre nødvendig helsehjelp til pasientar som ikkje kan gi samtykke og som motset seg behandlinga.Seksjonen samarbeider tett med seksjon helse, og saman utgjer dei eit engasjert fagmiljø med brei og variert kompetanse.Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil samarbeide med andre embete, direktorat og Helsetilsynet. Arbeidsoppgåver Du vil få høve til å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg med varierte og samfunnsaktuelle oppgåver, mellom anna : Overprøving av vedtak, rettleiing og tilsyn, etter helse- og omsorgstenestelova kap.9. Kvalitetsutvikling og rettleiing innan desse viktige fagområda. Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre fagområde i seksjonen og verksemda, til dømmes sakshandsaming helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse etter pasient- og brukarrettighetslova 4A. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har autorisasjon i vernepleie, gjerne med relevant vidareutdanning erfaring frå arbeid med menneske som har ei utviklingshemming eller anna relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta god kjennskap til helse- og omsorgslovgivninga, gjerne med saksbehandlingserfaring frå vedtak om tvang evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta og i tverrfaglege team gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere med ulike aktørar god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god rolleforståing, interesse for samfunnsoppdraget og er fagleg engasjert ​ Hos oss får du ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 760.000,- Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet. tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosentav løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- ogforsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK) moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise )Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.( https://www.statsforvalteren.no/mr )Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde. Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351. Søknadsfrist: 13.09.2026 ​

Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen