Om stillingen
Radiologisk avdeling SNR har ledig stilling for overlege/spesialist i radiologi 100%, oppstart etter avtale!
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund, er ein god stad for overlegar. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikert og stabil overlegegruppe og eit godt, inkluderande LIS-miljø. Vi flytta i fjor inn i det nye sjukehuset (SNR) og dei nye lokala legg til rette for ein god og variert arbeidskvardag.
Radiologisk avdeling ved sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga, og avdelinga har fylket sin første 3 Tesla MR.
Arbeidsoppgåver
SNR Hjelset er eit akuttsykehus med ei rekke funksjonar, og som radiolog her bør du ha interesse for å jobbe med fleire område innan radiologi. Det vil likevel vere mogleg å konsentrere seg om eitt eller fleire spesifikke område.
Stillinga inneber vakt for sjukehuset, som dekkjer ei befolkning på i overkant av 100.000 menneske. Arbeidsområda vil vere røntgen, CT, MR, ultralyd, og vi gjer også ei rekke intervensjonar. Som overlege vil du også kunne få oppgåver som rettleiar og supervisør for LIS. Vi har intern undervisning som legane deltek i.
Kvalifikasjonar
Spesialist i radiologi
Det er ein fordel med kjennskap til avdelinga/området
God kunnskap i norsk språk, både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner
Gode kliniske ferdigheiter
Interesse for fagfeltet, utvikling og også for nytenking og innovasjon.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vibeke Aandahl, Avdelingssjef, Vibeke.Aandahl@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 04.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen