Om stillingen
Giske kommune søkjer kommunal lege i fast stilling.
Vi tilbyr ei spennande og variert stilling med moglegheit til å kombinere arbeid som tilsynslege ved sjukeheim med oppgåver ved helsestasjonen.
Stillinga kan tilpassast den som blir tilsett, både når det gjeld arbeidsoppgåver og stillingsstorleik. Vi ønskjer derfor søkjarar som kan vere interesserte i stillingsomfang frå 70 til 100 prosent.
Som kommunal lege vil du få ein sentral fagleg rolle i oppfølginga av eldre pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar. Du vil samarbeide tett med sjukepleiarar, avdelingsleiarar, pårørande og andre helsefaglege samarbeidspartnarar, og vere med på å utvikle gode og framtidsretta tenester.
Arbeidsoppgåver
Vigra omsorgssenter
24 sjukeheimsplassar
Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 30 % stilling
Giske omsorgssenter, Valderøya
To langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling
Totalt 30 sjukeheimsplassar
Tilsynslegefunksjon tilsvarande om lag 40 % stilling
Helsestasjon på Valderøya
Moglegheit for inntil 20 % stilling som helsestasjonslege
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege.
Relevant spesialistgodkjenning, helst innan allmennmedisin, geriatri eller annan relevant spesialitet. Kommunen kan også vurdere søkjarar som er i relevant spesialiseringsløp (LIS3).
Erfaring frå arbeid i sjukeheim, kommunale helse- og omsorgstenester eller geriatrisk verksemd er ønskeleg.
Kunnskap om behandling og oppfølging av skrøpelege eldre, demenssjukdom, multimorbiditet, legemiddelgjennomgang og palliasjon er ein fordel.
Kompetanseområde i alders- og sjukeheimsmedisin er ønskeleg, men ikkje eit krav.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Du har interesse for arbeid med eldre og personar med samansette medisinske behov.
Du er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i pasientbehandlinga.
Du arbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og trivst i tverrfagleg samarbeid.
Du er trygg i møte med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø gjennom openheit, respekt og godt humør.
Du er fleksibel og løysingsorientert i møte med nye utfordringar.
Du har evne og interesse for utviklings- og kvalitetsarbeid.
Vi tilbyr
Fast stilling i 70-100 % etter avtale. Løn etter avtale.
Stor grad av fleksibilitet ved samansetjing av stillinga.
Fagleg interessante arbeidsoppgåver innan alders- og sjukeheimsmedisin.
Moglegheit til å kombinere arbeid med eldre og førebyggjande helsearbeid for barn og unge.
Tett tverrfagleg samarbeid og kort veg til beslutningar.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Tilrettelegging for samarbeid og fagleg fellesskap med fastlegane i kommunen.
Kontaktinformasjon
Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221Gretha Giske, einingsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.01.2027Søknadsfrist: 09.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen