Om stillingen
Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar kvar dag?
Sengepost nevrologi har no ledig ei fast 100 % stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar.
Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver.
Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar.
Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie til den nevrologiske pasienten
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Bygge kompetanse og fag
Rettleiing av sjukepleiestudentar
Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten
News-målinger
Observasjon
Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjons som sjukepleiar
Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar
Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig
Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ
Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen