God på å byggje lange relasjonar, med eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog?

Sparebanken NorgeFLORØPublisert 25. aug. 2026<p>Du vil jobbe som finansiell rådgivar for å hjelpe kundar med økonomi, lån og forsikring. Erfaring frå bank eller finans og autorisasjon er ønskjeleg.</p>

Om stillingen

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du får derfor stor moglegheit til å påverke -- både i rolla di og i møte med kundane. Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss -- og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget! Om kontoret og laget I Florø er vi ni kollegaer som jobbar tett saman for å gi kundane våre gode opplevingar -- kvar dag. Vi har høgt tempo, stor takhøgd og eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode. Her møter du ein god kombinasjon av erfaring og utviklingsvilje, og eit lag som deler kunnskap og støttar kvarandre i kvardagen. Vi er stolte av rolla vi spelar i lokalsamfunnet, og jobbar kvar dag for å gi kundane våre gode råd og trygg oppfølging gjennom ulike fasar i livet. Samtidig har vi ambisjonar om vidare vekst i regionen, og vi ser etter deg som motiverast av å utvikle nye relasjonar, ta marknad og bidra til at vi når måla våre. Kva går jobben ut på? Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi -- i dag og for framtida. Det er oss kundane ringjer når dei treng gode råd, ein som jobbar for å finne dei beste løysingane for akkurat deira familieøkonomi eller tydelege råd når kunden sjølv ikkje veit kva han eller ho treng. Vi bryr oss om kundane våre og går den ekstra mila når situasjonen krev det. Gjennom gode og tillitsfulle samtalar gir du heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring frå Frende. Hos oss får du ansvar for ei etablert portefølje. Samtidig ønskjer vi at du aktivt utviklar denne vidare -- gjennom gode kundedialogar, nye relasjonar og initiativ i marknaden. Hos oss får du både tillit, ansvar og rom til å påverke utviklinga i både porteføljen og rolla di. Arbeidskvardagen er variert -- med både fysiske og digitale kundemøte -- og du blir ein del av eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og jobbar mot felles mål. Kven er du? Vi ser for oss at du har erfaring frå rådgjeving og kundearbeid -- helst frå bank eller finans. Du er trygg i rådgjevarrolla, skaper tillit i møte med kundar og trivst med å ta ansvar for eigen kundeportefølje. Vi trur du vil lukkast og trivas godt hos oss dersom du: motiverast av å skape resultat og jobber målretta med å utvikle nye relasjonar trivst med ansvar og utvikling av eigen kundeportefølje byggjer sterke relasjonar og skaper tillit hos kundane dine jobbar strukturert og ser moglegheiter i kundedialogen er fagleg nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg vidare Vi ser helst at du har høgare utdanning innan økonomi eller finans. Autorisasjon innan kreditt, sparing og forsikring (AFR) er ein fordel. Det er eit krav til alle finansielle rådgivarar i Sparebanken Norge å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring. Det er eit ønskje at søkjarar er ferdig autorisert, men det er ikkje eit krav for å søkje. Banken vil legga til rette for å tileigna seg naudsynt kunnskap via autorisasjon og opplæring. Vi oppfordrar både personar med bankerfaring og personar i nærliggande yrker som inneheld kreditt/rådgiving/sal om å søke på stillinga hos oss. Kva får du hos oss? Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet. Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle -- og du får høve til å påverke både eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken. I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank -- vi byggjer eit lag. Vi er vurdert som kundefavoritt for 7. gang og er den banken som har vekse mest dei siste 12 mnd. Er du klar for å bli med på laget vårt? Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med banksjef Lone Bareksten for ein uforpliktande prat. Vi tek gjerne ein kopp kaffi eller ein telefon! Søknadsfrist: 15. september 2026, søknader vil bli vurdert fortløpande. Om bedriften Sektor Privat Nettsted https://www.spv.no/

Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen