Om stillingen
Vil du vere ein del av natt-team i heimetenesta?
Heimetenesta i sentrum har for perioden d.d- 30.11.2027 ledig 75 % vikarstilling på natt for off. godkjent sjukepleiar.
Vi søkjer ein dyktig og engasjert sjukepleiar til nattstilling i heimetenesta. På natt arbeider du i eit team som består av to sjukepleiarar ilag med helsefagarbeidarar kvar natt. Tenesta er ambulerande og yter helsetenester til brukarar både i og utanfor sentrum.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet.
I heimetenesta møter du mange ulike brukarar med samansette helseutfordringar. Vi har fokus på å styrkje brukarane sine eigne ressursar slik at dei kan leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen heim. Dette gir ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag der inga natt er heilt like. Du vil få nødvendig fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom kollega, e-læring, kurs og fagdagar.
Vi er ei teneste i utvikling som kontinuerleg tilpassar oss framtida sine behov for å sikre gode og berekraftige helsetenester. Årsplanlegging og oppgåvedeling skal sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Vi søkjer deg som har engasjement, godt humør og evne til å skape gode relasjonar. Du er fagleg trygg, tek ansvar og ønskjer å bidra til det gode fellesskapet vårt. Samtidig vil du vere med på å vidareutvikle ei berekraftig teneste for framtida.
Arbeidsoppgåver
Utøving av helsetenester til heimebuande, utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
Veiledning og opplæring av medarbeidarar
Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar
Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
Relevant arbeidserfaring er ein fordel
Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Du må ha førarkort klasse B
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
er engasjert, løysingsorientert og tek ansvar
søkjer faglege utfordringar
har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Kompetanseheving gjennom e-læring, internundervising og kurs
Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår: natt inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr. 2- stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, [phone], nina.ulstein@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 246153 Ørsta
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 75%VikarSluttdato: 30.11.2027Søknadsfrist: 11.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen