Om stillingen
FACT Sikkerheit har ledig stilling som teamleiar.
Her får du ei sentral rolle i eit fagmiljø som gir langsiktig og heilskapleg behandling og oppfølging til pasientar med behov for tett og koordinert oppfølging.
Teamet arbeider etter Forensic FACT-modellen og følgjer opp pasientar som er dømde til behandling og/eller er underlagt tvungent psykisk helsevern. FACT Sikkerheit er organisert som poliklinikk og er knytt til Eining for sikkerheit og Eining for sikkerheit og rehabilitering.
Vi samarbeider tett med 16 kommunar og er ein del av sikkerheitskjeda i Helse Fonna. Som teamleiar blir du ein viktig del av arbeidet med å sikre gode, samanhengande pasientforløp på tvers av tenester og nivå.
Søk no og bli ein del av Fact Sikkerheit.
Kva går jobben ut på?
Stliinga er kombinert leiarstilling og klinisk stilling
Som teamleiar har du det overordna drifts ansvaret for teamet. Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål.
Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samararbeidspartar.
Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane og legge til rette for utvikling.
Pasientbehandling i tverrfagleg team
Arbeid med strukturert valdsrisikovurdering
Behandling og oppfølging av pasientar i overgangsfase mellom sentralsjukehus, DPS og kommune
Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på postane
Polikliniske tenester med oppfølging av utskrivne pasientar. Det største pasientgrunnlaget er på Haugalandet
Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved 4 DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
Poliklinisk oppfølging av pasientar på dom og på tvang utan døgnopphald i institusjon.
Fact Sikkerhet har ei utadretta verksemd med reiser, direkte rettleiing og oppfølging av utskrivne pasientar og samarbeidspartar i heimkommune
Teamet driftar eit Sinnemestringskurs etter Brøsetmodellen i kommuner
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Høskuleutdanna eller anna relevant høgare utdanning innan helse eller sosialfag
Ynskeleg med erfaring og kompetanse innan sikkerhetspsykiatri.
Ynskjeleg med leiarerfaring
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Ha gode leiaregenskapar og samarbeidsevner
Evne til nytenkning og målretta arbeid
Høgt engasjement med evne til å motivere medarbeidere
Strukturert
Ansvarsbevisst
Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vere fleksibel og ha evne til å vurdere heilskapeleg
Vere lojal i høve til avgjerdsler
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.
Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 26.10.2026Søknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen