Om stillingen
Kvifor velge Stranda ?
Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag.
Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS).
Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett.
Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS.
Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.
Kvifor velge Stranda legekontor?
Legekontoret er veldrive
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer
Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar
Fastløn og 15 % omsetningsløn
Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag.
Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp
Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar
Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke
Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid)
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon
Vi tilbyr
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø
Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00
Lav vaktbelastning
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
Gjennomført LIS1 i Norge
Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.
Kontaktinformasjon
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +[phone]Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSøknadsfrist: 08.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen