Om stillingen
Vi søker etter matros på sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Fergestrekninga Brekstad-Valset går over Trondheimsfjorden og er eit sentralt bindeledd mellom Ørland og fastlandet, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
I denne stillinga jobbar du døgnvakter 2 veke på og 2 veke fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Søkjar bør bu lokalt..
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
Oppgåver iht. alarminstruks
Verne- og miljøarbeid
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
Kundebehandling
Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna
Kvalifikasjonar
Ferdighetssertifikat Matros
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
Godt humør
God kommunikasjonsevne
Serviceinnstilt
Vi tilbyr
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Gode velferdsordningar
Skiftordning: Døgnvakter, 2 veker på og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +[phone]
Arbeidsstad
7130 Ørland
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 09.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen