Om stillingen
BPA Fast 100% stilling - Halsnøy
BPA Fast 100% stilling - Halsnøy
Vi søker etter ein medarbeidar til ein spennande og variert jobb. Stillinga er i BPA ordning under Heimetenesta på Halsnøy. Stillinga er fast 100% og inneber tett samarbeid med brukar som har behov for praktisk og personleg assistanse i kvardagen.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera å assistera ved personleg stell og hygiene, samt praktisk bistand i heimen. Støtte til transport og sosiale aktivitetar, samt støtte og hjelp etter brukars behov.
Stillinga har arbeid i turnus, kvardag og kvar 3. helg. 35,5 t/v og lønna som fagarbeidar. Vaktene er for tida deltvakt - det vil sei at vakta er delt i to i løpet av same dag med opphald i mellom. Det kan også være aktuelt med langvakter i turnus.
Kvalifikasjonar:
Evne til å jobba sjølvstendig, men samtidig vera ein god samarbeidspartner
God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Fleksibel og taklar arbeidsdagar med endring
Ansvarsbevisst og lojal
Er trygg i pleiesituasjonar og evnar til sjølvstendig arbeid
Tolmodig, fleksibilitet og empati
Erfaring fra arbeid med mennesker
Personlege egenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr:
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
Dekking av flytteutgifter etter nærmare reglar
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 og helse og omsorgstenesta §5-4.
Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen