Vitskapleg assistent ved Sosiologisk institutt

Universitetet i BergenBERGENPublisert 25. aug. 2026Søknadsfrist 08. sep. 2026519 400,-  

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Vitenskapeleg assistent Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Sosiologisk institutt, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på inntil 2 år (100 %). Stillinga er knytt til prosjektet TRANSFER (Evaluation and Research-Policy-Practice Transfer to Promote Equity and Inclusion), som er finansiert av EU-midlar gjennom forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europe.  Prosjektet har varigheit på 3 år og startar 1. september 2026. Den utlyste stillinga er planlagt med oppstart 1. oktober 2026. I TRANSFER deltar forskarar frå 12 universitet, høgskolar og forskingsinstitusjonar i åtte europeiske land (Sveits, Tyskland, Spania, Finland, Ungarn, Litauen, Irland og Norge). TRANSFER har som mål å styrke kunnskapsoverføringa mellom forsking, politikk og praksis for å redusere sosial ulikheit i utdanning og fremme inkludering. Prosjektet er organisert i ulike arbeidspakkar (WP) som fokuserer på konseptuell og metodologisk utvikling, empirisk forsking og formidling av forskingsresultat. Den som tilsetjast skal bidra i alle arbeidspakkane. Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil mellom anna bestå av å: Bidra til datainnsamling, databehandling og analyse (til dømes rekruttere respondentar, gjennomføre, transkribere og kode kvalitative intervju med praktikarar i utdanningsfeltet eller politikarar, sårbar ungdom og deira familiar, samle inn dokument og gjere dokumentanalyse) Kommunisere og formidle forsking gjennom nyheitsbrev, sosiale media og nettsider  Gjere litteratursøk og handtere referansar Bidra til og kvalitetssikre rapportar, vitskaplege publikasjonar og presentasjonar på norsk og engelsk Utføre administrative oppgåver knytt til prosjektgjennomføringa Delta i prosjektmøte lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og samarbeide med internasjonale og lokale partnarar Andre prosjektrelaterte oppgåver Kvalifikasjonar og eigenskapar Kvalifikasjonskrav: Fullført mastergrad innan sosiologi eller anna samfunnsvitskap eller andre fagområde som er relevant for prosjektet Erfaring med kvalitative forskingsmetodar (det er ein føremon om kandidaten også har erfaring med kvantitative forskingsmetodar) God språkkunnskap i engelsk og norsk eller anna skandinavisk språk, munnleg og skriftleg Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert Ønska kvalifikasjonar: Kjennskap til forskingsmetodar og bruk av relevante digitale vertøy (NVivo, Excel og referansehandteringsprogram, erfaring med bruk av KI i forskingskontekst, kjennskap til kvantitative analyseprogram, t.d. SPSS, Stata eller liknande er av fordel) Erfaring med forskingsarbeid; særleg rekruttering av respondentar/felttilgang og gjennomføring av individuelle intervju eller fokusgruppeintervju Erfaring med forskingsformidling og kommunikasjon God administrativ IT – kompetanse Vi tilbyr Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø Årsløn som vitskapleg assistent, kode 1020, kr. 519 400,-  ved tilsetjing Medlemsskap i Statens pensjonskasse  Stilling i ein inkluderande arbeidslivverksemd Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde Søknad der du beskriv din motivasjon, kvifor du søkjer og er kvalifisert for denne Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV) Kopi av vitnemål, karakterutskrift og attestar Ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna formidlingsmateriale du har bidratt til To referansar (namn og kontaktinformasjon) Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.) Søknadsfrist: 8. september 2026. Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jan Skrobanek ved Sosiologisk institutt, epost: jan.skrobanek@uib.no, tlf +[phone]. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen