Om stillingen
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, og RELIS.
Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har mellom 40 og 50 bioingeniørar og helsesekretærar knytt til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og i Nordhordaland. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøver til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.
Vi lyser no ut vikariat for stilling som fagbioingeniør for perioden 12.10.26 - 30.07.27 med moglegheit for forlenging på Preanalytisk seksjon i samband med utrullinga av desentral prøvetaking i Helse Bergen.
Arbeidsoppgåver
Delta i rettleiing i blodprøvetaking for medarbeidarar, studentar og desentrale prøvetakarar
Bidra som instruktør på praktiske kurs for venøs og kapillær blodprøvetaking
Bidra i hygiene- og smittevernarbeid ved MBF
Bidra som støttefunksjon for koordinator desentral prøvetaking
Delta i oppfølging av poliklinikken i Sentralblokka
Superbrukar Imatis
Avviksbehandling i Synergi
Delta i driftsoppgåver ved seksjonen
Andre oppgåver kan tilkomme
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som bioingeniør. Det er ønskeleg med minimum 2 års erfaring frå tilsvarande laboratorium
Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Dersom søkar er kjend med drifta og har erfaring frå preanalytisk seksjon ved MBF, kan dette vera ein fordel
Personlege eigenskapar
Samarbeidsvillig med gode kommunikasjonsevne
Handlings- og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
Nøyaktig og strukturert
Vere engasjert i fagfeltet, nysgjerrig og kunnskapssøkande
Like å delta i opplæringa og formidle kunnskap
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
Fagleg og personleg utvikling
Stillinga er ei dagstilling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829 , nina.marie.namtvedt@helse-bergen.noIngunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatStartdato: 09.11.2026Søknadsfrist: 09.09.2026
Sist oppdatert 25. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen