Helgastilling ved Svelgen Omsorgssenter

Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommuneSVELGENPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 04. sep. 2026200 000 kroner

Om stillingen

Ved Svelgen omsorgssenter er det ledige helgastillingar, og vi søkjer deg som har interesse for pleie- og omsorgsfaget. Stillingane inneber fortrinnsvis arbeid annan kvar helg. Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne, lyst og tilrettelagt omsorgssenter. Her bur pasientane i trivelege omgjevnader, og medarbeidarane har ein arbeidsplass som legg til rette for både kvalitet og trivsel. Arbeidskvardagen hos oss er variert og lærerik, og du får jobbe saman med erfarne og dyktige kollegaer. Senteret har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom. Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer erfaring, utvikling og eit meningsfylt helgearbeid. Arbeidsoppgåver Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna: Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov Gi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behov Mogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft Bidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisning Samarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingar Kvalifikasjonar (overskrift) Vi søkjer deg som: har erfaring frå pleie og omsorg gjerne er ferdig utdanna, eller under utdanning innan helse- og sosialfag Vi ønskjer oss ein motivert, fagleg engasjert og sjølvstendig medarbeidar som trivst med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for pasientane våre.Pasientane har ulike medisinske behov, og du må difor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. Personleg eignaheit blir vektlagt. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.  Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +[phone] Arbeidsstad Granden 16723 Svelgen Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 25%FastSøknadsfrist: 04.09.2026

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen