Om stillingen
Om stillinga
Som kjøkkenassistent vil du få ansvar for å planlegge og tilberede måltid til barna, gjerne saman med ei gruppe barn, og utføre praktisk arbeid knytt til måltid og hygiene. Du vil ha ei sentral rolle i den praktiske barnehagekvardagen og utgjere ein stor forskjell i kvardagen for barn og personalet i barnehagane.
Vi har fått ekstra tilskot fra staten for barnehageåret [phone], og derfor er stillingane tidsbegrensa engasjement til 30.06.2027. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.
Vi søker etter dyktige medarbeidarar som ønsker å arbeide 50% fordelt på til dømes 4 dagar. Det betyr at arbeidstida kan bli 4 t og 40 min desse dagane. Vi kan vere fleksible med tanke på dagar og tilpasse arbeidstida slik at det fungerer både for oss og for deg.
Arbeidsoppgåver
Kjøkkenassistent, arbeidsoppgåver kan vere
planlegge sunne måltid og bestille mat
tilberede måltid i barnehagane
involvere barna i enkle oppgåver knytt til måltid der det er naturleg
dekke bord og rydde opp etter måltid
praktisk arbeid knytt til kjøkkenet og internkontroll
stillinga kan vere knytt til ein eller fleire kommunale barnehagar
Vi tilbyr
deltidsengasjement for barnehageåret 2026–2027
arbeid i eitt eller fleire barnehagemiljø
fleksibilitet i omfang og arbeidsdagar ut frå behov
meiningsfulle arbeidsoppgåver som bidreg til god kvalitet i barnehagen
moglegheit til å bruke eiga kompetanse i møte med barn og tilsette
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som:
Trives med å planlegge og tilberede måltid
Set deg raskt inn i rutinar for hygiene og praktiske arbeidsoppgåver
har interesse for arbeid med barn og barnehagemiljø
kan arbeide sjølvstendig og strukturert
kommuniserer godt og samarbeider godt med andre
Du må legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling, jf barnehagelova §30.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen