Vaken nattevakt

BufetatMOLDEPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 19. sep. 2026650 000

Om stillingen

Om stillinga og arbeidsstaden Kollen ungdomsbase søkjer etter nye nattevaktar. Vi har ledig ei fast stilling som vaken nattevakt i vår avdeling i Molde og ei ledig stilling i vikariat i 2 år, i avdelinga vår på Vestnes.  Stillinga er på 74% og arbeidstida for nattevaktene i begge avdelingane er frå kl 23.00 til 08.00. I stillinga jobber du og nokre dag- og kveldsvaktar og har arbeid kvar fjerde helg. Meir inngåande informasjon om turnus blir gitt under intervju. Vi ber om at det kjem fram i søknaden din, kor du ønskjer å ha din arbeidsplass. Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18(20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om Barneverntenester. Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitet med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønstre slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte. Kollen Ungdomsbase har frå hausten 2026 ei avdeling med tre plassar i Molde og ei avdeling med fire plassar på Vestnes. Arbeidsoppgåver Målet for stillinga er å vareta ungdommane og halde oppe ro på avdelinga nattetid. Korleis oppnå dette målet: Rettleie og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte. Ulike praktiske oppgåver som trengst for å drifte alle heimar. Krise- og stresshandtering. Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre. Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon. Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar (etisk refleksjon). Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.  Kva bakgrunn har du? Må-krav: Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde.  For søkjarar utan relevant bachelorutdanning vil vi kunne vurdere søkjarar med minimum 3 års relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring. Studentar som er i gang med relevant utdanning kan ansettes i tråd med retningslinjer knyttet til dette. Kommunisere godt på norsk tilsvarande nivå B2. Ha førarkort minimum klasse B. Bør-krav: Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg. Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå. Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande Personlege eigenskapar Kven ser vi etter: Du har evna til å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare. Du har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov. Du identifiserer deg med, oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre «Respekt, openheit, deltaking». Du er motivert for å jobbe for barnets beste. Kva får du hos oss? Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleier med lønn p.t. kr 510 000 – 650 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdannet sosionom, 1509 spesialutdannet vernepleier, 1510 spesialutdannet barnevernspedagog p.t. kr [phone] pr. år.   Søkjarar som ikke har fullført høyere utdanning, men har minimum fullført 90 studiepoeng innanfor relevant fagområde, blir innplassert i stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 440 000 – 520 000 pr. år. Søkjarar med mindre enn 90 studiepoeng eller utan påbyrja utdanning blir lønte i stillingskode 1486 miljøarbeid, p.t. kr 440 000 – 520 000 pr. år. Fagarbeidarar med relevant fagutdanning blir lønte i stillingskode 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 490 000 – 520 000 pr. år. Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Hos oss vil du få:kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen rettleiing i kognitiv terapi tilbod om kompetanseheving. Opplysningar til deg som søkjar Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Stillinga er for tida lagd til Kollen ungdomsbase, avdeling Molde. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med Statsansattelova. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen