Om stillingen
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Vi ønskjer å styrke laget vårt med fleire operatørar og hjelpearbeidarar som vil vere med på å jobbe med avanserte skip og store prosjekt i eit miljø der samarbeid, fagleg stoltheit og kontinuerleg læring står sterkt. Kvar dag byr på nye utfordringar og moglegheiter til å utvikle deg saman med dyktige kollegaer som spelar kvarandre gode.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
Stilasbygging
Køyring av kran
Intern transport
Inn- og utdokking av skip
Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Fagbrev som Stilasbyggar er ønskjeleg
Truckførarbevis T4
Godkjend stillasbyggjar over 9 meter
Kurs som maskinførar (M4)
G3- og G4-krankurs
Teleskoptruck C1 og C2
Erfaring med høgtrykksvask
Gode kommunikasjoneevner på norsk og/eller engelsk
Vi veit at motivasjon, engasjement og læringsvilje ofte er like viktig som erfaring. Har du ikkje alle kvalifikasjonane vi etterspør oppmodar vi deg likevel til å søkje.
Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass
Gode utviklingsmoglegheiter
Nødvendig opplæring og kompetanseheving
Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
Ein trygg og trivsam arbeidsplass med sterk lagånd
Kontaktinformasjon
Andreas Hatløy, Supervisor - Scaffolding, +[phone], andreas.hatloy@ulstein.comStig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +[phone], stig_b.slettebakk@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 30.09.2026
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen