Om stillingen
Me søkjer no etter ein elektrikar som skal ha det faglege ansvaret knytt til elektrisk anlegg i Seashore Sjø (Oppdrett).
Hos oss vil du gå inn som fagansvarleg i eit teknisk team med to andre elektrikarar. Du vil ha kontorplass på Bømlo, men må serve våre lokalitetar. Desse ligg i området rundt Bømlo, Hardanger og ned til Tau i Rogaland.
Arbeidsoppgåver
vidareutvikle elektrofaget i selskapet
etablere og forbetre rutinar og arbeidsprosessar
sikre høg kvalitet og etterleving av gjeldande regelverk
bidra til standardisering som gir tryggare og meir effektive arbeidsprosessar
vere fagleg sparringspartnar for kollegaer og leiarar
identifisere og gjennomføre forbetringstiltak innan kvalitet, sikkerheit og effektivitet
bidra til utvikling av framtidsretta teknologiske løysingar
Arbeidet vil i periodar krevje stor tilstadeværelse på selskapet sine sjølokalitetar.
Kvalifikasjonskrav
Må kunne godkjennast som fagleg ansvarleg etter FEK §7
Relevant bachelor-, master- eller fagskuleutdanning innan elektro, kombinert med relevant fagbrev
Minimum tre års relevant praksis etter fullført utdanning
God kunnskap om relevante forskrifter, normer og standardar innan elektrofaget
Førarkort klasse B
Ønskte kvalifikasjonar
Erfaring med fagleg leiing, kvalitetssikring eller kontroll av elektroarbeid
Erfaring med internkontrollsystem, vedlikehaldsstyring eller HMS-arbeid
Erfaring med utarbeiding av rutinar, prosedyrar og teknisk dokumentasjon
God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem
Erfaring med kontinuerleg forbetringsarbeid og standardisering
Me trur du vil trivast hos oss dersom du
likar å skape struktur og gode system rundt deg
har høge krav til kvalitet og fagleg standard
trivst med å vere ein fagleg ressurs og støttespelar for kollegaene dine
kommuniserer godt og skaper tillit i samarbeidet med andre
ser moglegheiter for forbetring og tek initiativ når du finn dei
Me tilbyr
Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen