Om stillingen
Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert trafikkleiar til vårt kontor i Stryn. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar.
Som trafikkleiar vil du bli ein del av eit team, som har ansvar for dagleg drift i Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service. Rolla kan tilpassast litt kvalifikasjonane til den som søker.
Arbeidsoppgåver:
• Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar
• Disponering av personell og køyretøy og oppfølging av køyreplanar
• Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga
Vi ser etter deg som:
• Er serviceinnstilt og løysingsorientert
• Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. IVU, Visma, Office, andre logistikksystem)
• Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
• Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
• Har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav
Arbeidsstad:
Hegrevegen, Stryn
Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen