Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO

Eidet skule, Haram kommuneVATNEPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig to faste stillingar på 60% og 40% med oppstart snarast råd. Stillingane følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelte barn

Gje barn positiv oppfølging og støtte

Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov

Rettleie barn i leik og aktiviteter

Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO

Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid

Samarbeide med skulen sine tilsette

Samarbeide med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring

Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage

Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg

Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

Liker å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte

God voksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus for kvart enkelt barn

Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre

Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ

Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar

Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Positiv og godt humør

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv

Ny og moderne skule og SFO

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø

Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt

Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

God pensjonsordning

Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad
Vatnevegen 41
6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026

Om stillingen

Arbeidsoppgåver Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelte barn Gje barn positiv oppfølging og støtte Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov Rettleie barn i leik og aktiviteter Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid Samarbeide med skulen sine tilsette Samarbeide med andre faginstansar ved behov Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg Godkjent politi- og tuberkulinattest Personlege eigenskapar Liker å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte God voksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus for kvart enkelt barn Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer Positiv og godt humør Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv Ny og moderne skule og SFO Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale  God pensjonsordning Kontaktinformasjon ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no Arbeidsstad Nøkkelinformasjon Om bedriften Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. Sektor Offentlig Nettsted http://www.haram.kommune.no/

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen