Avdelingsleiar/fagkonsulent

BufetatFØRDEPublisert 24. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026
Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn, avdeling Førde,  har vi ledig 100 % mellombels stilling. Stillinga er delt i 50% stilling som avdelingsleiar og 50% stilling som fagkonsulent. Stillinga vil ha varigheit i 12 månader med moglegheit for forlenging. Ved eventuell intern tilsetjing vil det bli ledig ei 100% mellombels stilling som fagkonsulent.

Ved avdelinga i Førde jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og vi jobbar med kartlegging, samspelsobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid. Alltid med barnet sitt perspektiv som kompass for arbeidet.

Senteret i Førde er eit av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat, region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år med prioritering av barna i alderen 0-2 år.

Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3. Senteret kan og tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1 med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret utfører oppgåvene både som heimebasert tilbod, dagtilbod og døgnbasert tilbod. Fagkonsulentar i senteret går inn i ein turnusplan med dag, kveld og helgevakter. Senteret har i tillegg eigne nattevaktstillingar og psykolog knytt til avdelinga.

I senteret har vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor. Samstundes veit vi at godt humør og ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Som del av dette miljøet vil du jobbe saman med kolleger som stiller opp for og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og søkjer mot utvikling av kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel.

Arbeidsoppgåver

I avdelingsleiarrolla vil du ha ansvar for å sikre stabil dagleg drift og bemanning.

Korleis oppnå dette målet:

ta kloke avgjerder akkurat no, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, etisk medvit og tydeleg nærvær

sørgje for stabilitet gjennom oppfølging av personal, fag, økonomi og kvalitetsutvikling

handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging

bidra til intern og ekstern samhandling

utviklings- og forbetringsarbeid

partssamarbeid

kompetansebygging

HMS og internkontroll

sikre god ressursutnytting

bidra aktivt inn i leiarteamet til eininga

I fagkonsulentrolla vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:

utgreiing og hjelpetiltak etter lov om barnevern  2-2, 2-3 og 3-1

utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgsituasjonen

oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn

ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker

utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid

samarbeide i team i eit sterkt fagmiljø

bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt

vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling

rettleiing av foreldre

vitneførsel i nemnd og rettsinstansar

samarbeid med foreldre og samarbeidspartar

utføre naudsynte praktiske oppgåver knytt til drift av døgnavdeling

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.

Relevant vidareutdanning: minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eller 60
studiepoeng/master. Dersom du ikkje oppfyller dette kravet ved tilsetting, kan du berre vurderast til stillinga dersom du forpliktar seg til å ta slik utdanning innan eit år etter tilsetting

Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk.

Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.

God kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk.

Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling.

Førarkort for bil er eit krav.

Det er i tillegg ønskjeleg med:

Vidareutdanning i leiing og leiarerfaring, gjerne frå institusjonsdrift eller anna barnevernsrelatert verksemd.

Erfaring med personalleiing og personaladministrasjon.

God økonomiforståing og erfaring med budsjett- og driftsansvar.

Personlege eigenskapar

Kva ser vi etter:

Gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.

Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.

Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.

Evne til å inspirere medarbeidarar og ha ei positiv innstilling

Evne til å ta beslutningar i komplekse saker.

Høg gjennomføringsevne og indre struktur.

Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.

Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar.

Genuin motivasjon for målgruppa.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr [phone] pr. år.

Stilling som fagkonsulent vert plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernpedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t kr. [phone],- pr. år.

Stillings som fagkonsulent vert ved 60 stp relevant videreutdanning stillinga plassert i stillingskode: 1510 spesialutdanna barnevern pedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1496 klinisk barnevern pedagog, 1173 klinisk sosionom eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut p.t kr [phone] pr. år.

Lønn blir vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

I tillegg får du:

Eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse , fagleg utvikling og samarbeid.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enno betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest, avdeling Førde.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no

Om stillingen

Om stillinga og arbeidsstaden Ved Senter for foreldre og barn, avdeling Førde,  har vi ledig 100 % mellombels stilling. Stillinga er delt i 50% stilling som avdelingsleiar og 50% stilling som fagkonsulent. Stillinga vil ha varigheit i 12 månader med moglegheit for forlenging. Ved eventuell intern tilsetjing vil det bli ledig ei 100% mellombels stilling som fagkonsulent. Ved avdelinga i Førde jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og vi jobbar med kartlegging, samspelsobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid. Alltid med barnet sitt perspektiv som kompass for arbeidet.  Senteret i Førde er eit av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat, region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år med prioritering av barna i alderen 0-2 år.  Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3. Senteret kan og tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1 med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret utfører oppgåvene både som heimebasert tilbod, dagtilbod og døgnbasert tilbod. Fagkonsulentar i senteret går inn i ein turnusplan med dag, kveld og helgevakter. Senteret har i tillegg eigne nattevaktstillingar og psykolog knytt til avdelinga. I senteret har vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor. Samstundes veit vi at godt humør og ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Som del av dette miljøet vil du jobbe saman med kolleger som stiller opp for og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og søkjer mot utvikling av kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel. Arbeidsoppgåver I avdelingsleiarrolla vil du ha ansvar for å sikre stabil dagleg drift og bemanning. Korleis oppnå dette målet: ta kloke avgjerder akkurat no, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, etisk medvit og tydeleg nærvær sørgje for stabilitet gjennom oppfølging av personal, fag, økonomi og kvalitetsutvikling handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging bidra til intern og ekstern samhandling utviklings- og forbetringsarbeid partssamarbeid kompetansebygging HMS og internkontroll sikre god ressursutnytting bidra aktivt inn i leiarteamet til eininga I fagkonsulentrolla vil du ha følgjande arbeidsoppgåver: utgreiing og hjelpetiltak etter lov om barnevern  2-2, 2-3 og 3-1 utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgsituasjonen oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid samarbeide i team i eit sterkt fagmiljø bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling rettleiing av foreldre vitneførsel i nemnd og rettsinstansar samarbeid med foreldre og samarbeidspartar utføre naudsynte praktiske oppgåver knytt til drift av døgnavdeling Kva bakgrunn har du? Må-krav: Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.  Relevant vidareutdanning: minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eller 60 studiepoeng/master. Dersom du ikkje oppfyller dette kravet ved tilsetting, kan du berre vurderast til stillinga dersom du forpliktar seg til å ta slik utdanning innan eit år etter tilsetting Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk. Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon. God kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk. Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling. Førarkort for bil er eit krav. Det er i tillegg ønskjeleg med: Vidareutdanning i leiing og leiarerfaring, gjerne frå institusjonsdrift eller anna barnevernsrelatert verksemd. Erfaring med personalleiing og personaladministrasjon. God økonomiforståing og erfaring med budsjett- og driftsansvar. Personlege eigenskapar Kva ser vi etter: Gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.  Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar. Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik. Evne til å inspirere medarbeidarar og ha ei positiv innstilling Evne til å ta beslutningar i komplekse saker. Høg gjennomføringsevne og indre struktur. Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse. Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar. Genuin motivasjon for målgruppa. Kva får du hos oss? Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 700 000 - 800 000 pr. år.  Stilling som fagkonsulent vert plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernpedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t kr. 520 000 - 660 000,- pr. år. Stillings som fagkonsulent vert ved 60 stp relevant videreutdanning stillinga plassert i stillingskode: 1510 spesialutdanna barnevern pedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1496 klinisk barnevern pedagog, 1173 klinisk sosionom eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut p.t kr 590 000 - 700 000 pr. år.  Lønn blir vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. I tillegg får du: Eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse , fagleg utvikling og samarbeid.  Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enno betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.  Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.  Opplysningar til deg som søkjar Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn, region vest, avdeling Førde. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje. Prøvetid i samsvar med statsansatteloven. Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge. Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no Om bedriften Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.  Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet. Sektor Offentlig

Sist oppdatert 24. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen